deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Barnepass › Søkjer ringevikarar til Dalsøyra barnehage
Gulen kommuneDalsøyra

Søkjer ringevikarar til Dalsøyra barnehage

BarnepassFleksibel

Om jobben

Ynskjer du å vere ringevikar ved Dalsøyra barnehage?

Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Dalsøyra barnehage har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein søknad ved å gå inn på på "søk her", eller ta kontakt direkte med kontaktpersonane i annonsen.

Arbeidsoppgåver

Praktisk og pedagogisk arbeid med born, individuelt og i grupper

Vise omsorg for kvart enkelt born

Ta initiativ til og delta aktivt i borna sine aktivitetar og leik

Bidra til eit godt samarbeid på avdelinga

Kvalifikasjonar

Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Du har interesse for å arbeide med barn

Du er ein tydeleg vaksen og tek initiativ til å byggje gode relasjonar

Du kan gjennomføre og følgje opp aktivitetar med barn, både inne og ute

Du samarbeider godt med andre og kan arbeide både sjølvstendig og i team

Vi kan leggje vekt på kor godt du er personleg eigna for stillinga Du må leggje fram gyldig politiattest før du tek til i stillinga

Personlege eigenskapar

Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer

Ansvarsbevisst

Vert motovert av å vere med å gje barn ein stabil og god kvardag i barnehagen

Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Anna

Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar

For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest

Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Løn etter tariff

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Gulen kommune.

Arbeidssted

Dalsøyra, Gulen

Publisert 8. november

Lignende jobber