deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Øygarden › Straume bu og servicesenter

Straume bu og servicesenter

Helse70 %

Om stillingen

Om oss:

Straume bu og servicesenter er et unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som samen gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.

Senteret inneheld to bufellesskap for eldre, eit bufellesskap for vaksne utviklingshemma, ei dagavdeling og omsorgsbustader. Vi har ledig 70% vikariat for helsefagarbeidar på natt. Du jobbar i team med 3 andre nattevakter som samen har ansvar for 51 bebuarar på senteret. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld 1 år.

Arbeidsoppgåver:

Utøva god fagleg omsorg til våre bebuarar

Dokumentasjon i gjeldande fagjournal

Ivareta bebuars individuelle behov

Du bidrar til et godt og engasjerande arbeidsmiljø

Rettleiing av lærlingar og andre nytilsette

Du bidrar med fagleg autoritet og varme.

Kvalifikasjonar:

Autorisasjon som helsefagarbeidar.

Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Gyldig politiattest

Ønskjeleg med:

Erfaring frå heimetenesta eller anna arbeid i eldreomsorga.

Personlege eigenskapar

Du er fagleg engasjert.

Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team

Du er stabil, påliteleg og ansvarleg

Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver

Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.

Du engasjerer deg, er positiv i møte med våre bebuarar og pårørande

Personlege kvalifikasjonar vil verta vektlagt

Anna:

Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)

Vi tilbyr:

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø

Motiverte og kunnskapsrike kollegaer

Interessante utfordringar

Høve til fagleg og personleg utvikling

Moglegheit til å søke startlån. Sjå kommunen si heimeside for meir informasjon: Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell - Øygarden kommune

Kontakt:

Avdelingsleiar Heidi R. Endal tlf: 919 11 187

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Øygarden kommune Straume bu og servicesenter.

Arbeidssted

Straume, Øygarden

Publisert 3. november

Lignende jobber

Øygarden kommune Bjorøy skule · BjørøyhamnBjorøy skuleBarnepass · Deltid · FleksibelFrist 15. november