deltidsjobb.no

Tannpleiar

Helse40 %

Om stillingen

Åsane tannklinikk har ledig fast deltidsstilling som tannpleiar. Stillinga er ledig frå 01.01.2027.

Åsane tannklinikk har per i dag til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vi har moderne utstyr og eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø.

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper.

Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.

Arbeidsoppgåver

Som tannpleiar hos oss vil du mellom anna:

jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer

utføre klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper

halde deg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt

jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste

deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drifta av klinikken.

Kvalifikasjonar

Du har norsk autorisasjon som tannpleiar

Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg

Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først

kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar

er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø

arbeider systematisk og planmessig

har interesse for fagleg utvikling – og deler gjerne kunnskapen din med andre.

Vi tilbyr

ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar

ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse

løn etter gjeldande tariff

gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar , 90036717, martine.aksnes-aarlie@vlfk.no

Arbeidsstad

Åsane Senter 52

5116 Ulset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5202645854

Stillingsprosent: 40%

Fast

Startdato: 04.01.2027

Søknadsfrist: 16.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos IDI-TH - Åsane klinikkområde, Vestland fylkeskommune.

Arbeidssted

Ulset, Bergen

Publisert 2. november

Lignende jobber

St.Hansåsen lokalmedisinske senter, Porsgrunn kommune · PorsgrunnSykepleier natt 60-80%Helse · 60 % · FleksibelFrist 13. november