deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Øygarden › Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne - Pollhaugen butiltak

Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne - Pollhaugen butiltak

Helse

Om jobben

Om avdelinga

Pollhaugen er eit butiltak med ni personar som bur i eigne bustader. Bebuarane har ulike behov for støtte og helsehjelp og har ulike diagnosar.

Pollhaugen ligg sentralt i Straume-området, med kort avstand til kollektivtransport og kommunedelssenter. Målet vårt er å gje kvar bebuar ein aktiv og meiningsfull kvardag prega av trivsel, sjølvråderett og meistring. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe som består av sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

Utføre målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk støtte og helsehjelp

Dokumentere i fagjournalsystem

Koordinere og leggje til rette tenester

Dele ut og handtere medisinar etter gjeldande rutinar

Arbeide med autismevenleg kommunikasjon og tilnærming

Ha kjennskap til vedtak om bruk av tvang i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Kvalifikasjonar

Autorisert helsefagarbeidar. Andre relevante utdanningar kan verte vurderte.

God kompetanse i arbeid med personar med autisme

God kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Løyve til legemiddelhandtering

Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Det er ønskjeleg med

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Evne til å samarbeide godt og arbeide sjølvstendig

Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Evne til nytenking og utvikling av tenesta

Engasjement for fagfeltet og brukargruppa

Evne til å byggje gode relasjonar Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.

Anna

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Nattevaktene er på 10 timar

Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)

Vi tilbyr:

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø

Motiverte og kunnskapsrike kollegaer

Interessante utfordringar

Høve til fagleg og personleg utvikling

Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån

Kontakt

Fredrik Degerman , avdelingsleiar Pollhaugen

Mobil: 488 60 948

Kristin Straume , einingsleiar MMNF

Mobil: 997 99 526 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne.

Arbeidssted

Straume, Øygarden

Publisert 15. november

Lignende jobber

Øygarden kommune Fjell sjukeheim · StraumeFjell sjukeheimHelse · Deltid · HelgFrist 30. november