deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Tilkallingsvikar Habilitering

Tilkallingsvikar Habilitering

HelseDag, kveld, helg og fleksibel

Om jobben

Om stillinga

Eining for habilitering har tre bueiningar som gir helse- og omsorgstenester til menneske med utviklingshemming. To ligg sentralt i Sveio sentrum, og ei ligg ved Straumøy gard. For tida gir me tenester til 15 bebuarar med varierande grad av hjelpebehov, der nokon treng meir hjelp enn andre.

Me har til tider stort behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag, kveld eller natt, både på kvardagar og i helger. Standard vakter varer vanlegvis frå 7 til 14 timar, og me tilpassar tidspunkta etter behov. På ei av avdelingane har me òg døgnvakter.

Alle bebuarane får tett oppfølging. Så langt det er mogleg, prøver me å la same personal følgje bebuarane gjennom dagen. Det gir ein meir føreseieleg kvardag. Me følgjer bebuarane til aktivitetshuset på kvardagar og ellers til andre aktivitetar dei ønskjer å delta på.

Me behandlar søknader fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene varierer ut frå behova til bebuaren du jobbar hos. Du hjelper til med dagleglivets gjeremål som den einskilde bebuaren ikkje kan utføre på eigenhand. Døme på daglege oppgåver er:

hjelpe med stell og personleg pleie

følgje bebuarar på ærend og aktivitetar i aktivt samspell

motivere og aktivisere bebuarar i dagleg samhandling

gjere huslege oppgåver, som reinhald og matlaging

køyre bebuarar til ærend og aktivitetar

ha dialog med pårørande og eventuelle instansar

føre journal

Kvalifikasjonar

autorisert helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning på fagarbeidar- eller høgskulenivå

personar som er under utdanning innan helsefag, kan òg søkje

personlege eigenskapar blir lagde vekt på

ufaglærte kan bli vurderte som tilkallingsvikarar, men må rekne med å ta aktuelle digitale kurs som arbeidsgivaren tilbyr

norsk er arbeidsspråket i Sveio kommune

du snakkar, les og skriv norsk godt nok til å samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig

førarkort klasse B for bil med manuelt gir

tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

er positiv, fleksibel og løysingsorientert

liker å jobbe systematisk for å nå måla som er sette

har gode haldningar og tek omsyn til behova og ønskja til bebuarane

er interessert i faget og ønskjer å utvikle deg fagleg

motiverer og støttar bebuarane til å meistre mest mogleg sjølve

liker å samarbeide med kollegaer og dele erfaringar som bidreg til fagleg utvikling i avdelinga

Vi tilbyr

moglegheit til å jobbe på fleire avdelingar, tilpassa kvardagen din

faste tilkallingsvikarar blir prioriterte til full jobb om sommaren dersom dei ønskjer det

moglegheit for ulike vikariat i turnus ved lengre fråvær, til dømes fødselspermisjon

opplæring i helse- og omsorgstenestelova og MESA-kurs på arbeidsplassen

eit utfordrande og lærerikt arbeid saman med engasjerte og fagleg kompetente kollegaer

eit fagmiljø i utvikling som du får vere med og påverke og utvikle

løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Sveio kommune.

Arbeidssted

Sveio

Publisert 26. november

Lignende jobber