Tilkallingsvikar i helse og omsorg
Om stillingen
Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar, assistentar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.
Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:
•Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
•Heimetenester (Heimesjukepleie og døgnbemanna omsorgsbustadar)
•Rus og psykisk helseteneste
•Bu og habilitering
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.
Kvalifikasjonar
•Du må være over 18 år gammal
•Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg
•Du må ha vanleg datakunnskap
•Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
•Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
•Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert
•I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden
•Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa.
Personlege eigenskapar
•Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
•Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
•Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
•Tar initiativ og ansvar
•Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
•Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
•Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid
Vi tilbyr
•Lønn etter gjeldande tariff
•Sjølvstendig og variert arbeid
•Tilgang på elæringskurs frå Glup
•Høve til fagleg og personleg utvikling
•Triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar heimeteneste, 91130521, Elsebeth.melle@volda.kommune.no
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@vooda.kommune.no
Malene Rovde, Avdelingsleiar Rus og psykiatri, 99011980, malene.rovde@volda.kommune.no
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar bu og habilitering, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5188197494
Stillingsprosent: 14%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026
«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste.
Arbeidssted
Volda


