deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Renhold › Sogndal › Tilkallingsvikar som Driftsoperatør
Simas IksKaupanger

Tilkallingsvikar som Driftsoperatør

RenholdFleksibel

Om jobben

Om stillinga

Som driftsoperatør blir du ein del av laget som står for den daglege drifta av miljøstasjonane våre.

Arbeidskvardagen er variert og inneber mykje kontakt med kundane våre. Du vil mellom anna rettleie om sortering, ta imot og handtere ulike typar avfall og bruke truck, maskiner og anna arbeidsutstyr.

Arbeidet blir utført både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Som tilkallingsvikar vil arbeidstid og arbeidsmengde variere etter behov. Fleksibilitet og høve til å stille på relativt kort varsel vil vere ein fordel

Arbeidsoppgåver

Drift av miljøstasjonar

Kundehandsaming og rettleiing

Sortering av diverse avfall, mellom anna farleg avfall

Mottak, kontroll og registrering av farleg avfall

Bruk av truck og maskiner

Ulike transportoppdrag

Andre oppgåver som naturleg høyrer til drifta

Ynskjeleg erfaring og kompetanse

Førarkort klasse B

Truckførarbevis

Erfaring med truck, maskiner eller anna arbeidsutstyr

Erfaring frå avfallsbransjen, miljøstasjon, logistikk eller anna praktisk arbeid

Grunnleggjande IT-kunnskap

Erfaring frå kundehandsaming eller service

Du treng ikkje å kunne krysse av på alt. Relevant erfaring, motivasjon og dei rette personlege eigenskapane kan vege opp for manglande formell kompetanse.

Me ser etter deg som

Er serviceinnstilt og trivst med kundekontakt

Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre

Er strukturert, påliteleg og tek ansvar

Ser kva som må gjerast og tek initiativ

Er fleksibel og kan stille opp når drifta krev det

Er villig til å lære og setje deg inn i nye arbeidsoppgåver

Trivst med fysisk og praktisk arbeid

Me tilbyr

Ein variert og praktisk arbeidskvardag

Meiningsfylte arbeidsoppgåver hos ein viktig miljøaktør i Sogn

Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer

Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing

Løn etter eigen lønstabell

Pensjonsordning i KLP

Moglegheit for lengre arbeidsperiodar dersom behovet oppstår

Arbeidstid og arbeidsstad

Arbeidstid og arbeidsstad vil variere etter behov og gjeldande vaktplan.

Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til miljøstasjonane våre, og det må påreknast arbeid på ulike lokasjonar etter behov.

For kandidatar som ønskjer meir arbeid over tid, kan det bli aktuelt med lengre vikariat eller større stillingsomfang dersom behovet i drifta endrar seg.

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Simas Iks.

Arbeidssted

Kaupanger, Sogndal

Publisert 18. november

Lignende jobber

Hvitvask · BergenRenholderRenhold · Deltid · FleksibelPublisert 18. november