Tilkallingsvikar Sunde barnehage
Om stillingen
Omtale av stillinga
Her i Sunde barnehage har vi behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen.
Vi ønskjer spesielt deg som er god på relasjonar, som møter både barn og vaksne med varme, respekt og interesse. Du er glad i å vere ute og trivst med ein aktiv kvardag i all slags vêr.
I Sunde barnehage satsar vi på Uteliv og Leselyst . Vi ønskjer at barna skal få rike naturopplevingar, utforske nærmiljøet og oppleve gleda ved å vere ute. Samtidig legg vi vekt på høgtlesing, språk og litteratur som gir barna gode opplevingar og styrkjer leseglede og nysgjerrigheit.
Arbeidsmengda vil variere gjennom året. I periodar kan det vere behov for mykje hjelp, medan det i andre periodar vil vere mindre arbeid.
Vi ønskjer at du
•Er glad i barn og oppteken av å skape gode relasjonar
•Er positiv, omsorgsfull og ansvarsbevisst
•Er glad i å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar
•Er fleksibel og kan stille på kort varsel når det er behov
•Bidreg til eit trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø
Vi tilbyr
•Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttande kollegaer
•Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
•Moglegheit til å få erfaring frå arbeid med barn
•Verdifull erfaring for deg som vurderer utdanning eller arbeid innan oppvekst, pedagogikk eller helse
•Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
•Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi å høyre frå deg! ????
Gyldig politiattest må framleggjast før oppstart.
Link til søknadsskjema: Søk her
«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Kvinnherad kommune Sunde barnehage.
Arbeidssted
Sunde i Sunnhordland, Kvinnherad
