deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Vestnes › Tilkallingsvikar Tresfjord barnehage

Tilkallingsvikar Tresfjord barnehage

BarnepassFleksibel

Om stillingen

Stillingstype

Vi har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar i Tresfjord barnehage

Arbeidsoppgåver

Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som:

- medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet

- medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet

- medansvar for utviklingsarbeid

- foreldresamarbeid

- vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale

- vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa

- praktisk arbeid og tilrettelegging

Kvalifikasjonar

Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar kan ufaglærde bli tilsett.

- må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2

- må ha god kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar

- er aktiv og engasjert

- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling

- har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn

- er eit godt språkleg førebilde

- er fleksibel

- er stabil og ansvarsbevisst

- har evne til å ta imot rettleiing, rådgiving og opplæring

- har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig

Vi tilbyr

- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer

- løn i høve gjeldande avtaleverk

- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet

- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsettingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det blir trekt 2% av løna i pensjonsinnskot.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkarar blir innkalla til samtale fortløpande.

Referansar

Oppgi referansar.

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkarlista kan bli offentleggjort.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Vestnes kommune Tresfjord barnehage.

Arbeidssted

Tresfjord, Vestnes

Publisert 16. september 2025

Lignende jobber

Vestnes kommune Vestnes legesenter · VestnesVestnes legesenterHelse · 50 %Frist 15. november
Aktiv fritid, Lillestrøm kommune · LillestrømStøttekontaktBarnepass · Deltid · FleksibelFrist 31. desember