Tilkallingsvikar
Om jobben
Stillingstype
Vi ser etter engasjerte tilkallingsvikarar til både skule og SFO. Vikariata kan gjelde oppgåver både som lærar og assistent.
Arbeidsoppgåver
•Delta i undervisning og læringsarbeid i skulen.
•Følgje opp elevar fagleg og sosialt i samarbeid med øvrige tilsette.
•Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø.
•Vere ein aktiv del av personalet ved skulen og i SFO.
•Leggje til rette for aktivitetar og trivsel i SFO.
•Praktiske oppgåver og tilrettelegging knytt til den daglege drifta.
•Følgje skulen sine rutinar og planar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har relevant utdanning eller erfaring frå arbeid med barn og unge. Lærarutdanning, vernepleiarutdanning, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant kompetanse er ønskjeleg. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar, kan andre søkjarar også verte vurderte.
•Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
•Gode kommunikasjonsevner.
•Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel.
•Politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du:
•er positiv, aktiv og engasjert
•har gode samarbeidsevner
•er ein tydeleg og trygg vaksenperson
•viser omsorg og respekt for barn og unge
•bidreg til eit godt arbeidsmiljø
•er fleksibel og kan stille på kort varsel ved behov
•er stabil og ansvarsbevisst
•kan arbeide sjølvstendig og i team
•tek imot rettleiing og bidreg til utvikling og læring
Vi tilbyr
•Ei meiningsfull og variert arbeidshverdag.
•Moglegheit til å arbeide med barn og unge i eit positivt læringsmiljø.
•Eit inkluderande og godt arbeidsfellesskap.
•Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
•kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
•gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju fortløpande.
Referansar
Oppgi referansar
Link til søknadsskjema: Søk her
«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Vestnes kommune Tomrefjord skule.
Arbeidssted
Tomrefjord, Vestnes

