deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Tilkallingsvikarar - eining for omsorg

Tilkallingsvikarar - eining for omsorg

HelseKveld, helg og fleksibel

Om jobben

Åseralsheimen og heimetenesta i eining for omsorg har behov for å fylle på med fleire dyktige

tilkallingsvikarar.

Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg som sto ferdig hausten 2020. Her er det institusjonsplassar og fleire omsorgsbustadar til menneske med ulike behov.

Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen.

Vi arbeider for at pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og er opptekne av at den enkelte skal få gode og framtidsretta tenester.

Vi treng fleire tilkallingsvikarar, både på Åseralsheimen og ute i heimetenesta.

Vi søkjer etter deg som;

ønskjer å arbeide med eldre

er lære- og samarbeidsviljug

er fleksibel og arbeidssom

Det vil vere ein fordel om du går du på helsefagleg utdanning, men andre kan og søkje. Opplæring vil bli gitt.

Har du ledig tid på kveld, helg og i feriar og tenker at dette kan vere noko for deg?

Send inn ein søknad eller ta gjerne kontakt viss du har spørsmål.

Arbeidsoppgaver

Arbeids og ansvarsområde er mellom anna:

Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard

Kjenne til og bruke eininga sine prosedyrer og rutiner

Syte for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - p.d.d. Profil

Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak

Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane

Kvalifikasjoner

Fagbrev som helsefagarbeider.

Studentar/elever som tek helsefaglig utdanning.

Andre med erfaring frå liknande arbeid eller med interesse for faget.

Merknad: Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.

Søkjar må ha førarkort klasse B for å kunne arbeide i heimetenesta.

Personlige egenskaper

Interessert i å arbeide med eldre menneske

Gode samarbeidsevner

Punktleg og strukturert

Fleksibel og positiv

Lærevillig og sjølvstendig

Gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing

Vi tilbyr

Spennande arbeidsoppgåver

Godt arbeidsmiljø

Tariffesta løn og god pensjonsavtale i KLP

Lokal lønnsavtale for elevar og studentar i relevant utdanning

Kontaktinformasjon

Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, Camilla.Verdal@aseral.kommune.no

Arbeidssted

Gardsvegen 9

4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 5214570100

Stillingsprosent: 2%

Vikariat

Søknadsfrist: 13.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Åseral kommune.

Arbeidssted

Åseral

Publisert 26. november

Lignende jobber

Blindheim omsorgssenter, Ålesund kommune · ÅlesundSykepleier-nattHelse · 65 % · FleksibelFrist 11. desember