deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Surnadal › Tilkallingsvikarar i Bu- og aktivitetstenesta

Tilkallingsvikarar i Bu- og aktivitetstenesta

HelseHelg og fleksibel

Om stillingen

Vi har behov for vikarar som kan arbeide som ekstrahjelper på tilkalling ("ringevikarar").

Behovet kan vere størst på helg, men vi kan og ha noko behov i vekedagane.

Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.

Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.

Du kan vere tilkallingsvikar som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller assistent og arbeidet passar t.d. godt for deg som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning, eller kanskje har lyst til å prøve ut arbeidet før du vel ei utdanning i eit helse- og omsorgsyrke.

Ut frå brukarbehova har vi behov for menn ved nokre tilbod og kvinner i andre.

Det er ein fordel å ha førarkort kl.B.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid.

Hos oss får du:

opplæring og veiledning

kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn

gode pensjons- og forsikringsordningar

studentavlønning jf. reglane i personalplanen

trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta.

Arbeidssted

Surnadal

Publisert 16. september

Lignende jobber