deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Haram › Tilkallingsvikarar som lærar og assistent

Tilkallingsvikarar som lærar og assistent

BarnepassFleksibel

Om stillingen

Vi søkjer tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/27. Skriv i søknaden kva som er aktuelt.

Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med litt under 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolte over å vere ein del av.

I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

Følgjande arbeidsoppgåver er aktuelle:

Undervisning (lærarstilling)

Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkeltebarn

Gje barn positiv oppfølging og støtte

Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov

Rettleie barn i leik og aktivitetar

Leggje til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO

Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid

Samarbeide med skulen sine tilsette

Kvalifikasjonar

Undervisningskompetanse og relevant erfaring for lærarstilling

Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage

Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg

God digital kompetanse

Godkjent politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar

Likar å arbeide med barn og unge

God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn

Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre

Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ

Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar

Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer

Positiv og godt humør

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

Ein arbeidskvardag der du gjer ein skilnad i barn og unge sine liv

Ny og moderne skule og SFO

Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø

Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt

Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale

Kontaktinformasjon

Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Vatnevegen 41

6265 VATNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5168070791

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Startdato: 01.09.2026

Sluttdato: 20.06.2027

Søknadsfrist: 20.06.2027

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Eidet skule, Haram kommune.

Arbeidssted

Vatne, Haram

Publisert 31. august

Lignende jobber

Avdeling Lepsøy barnehage, Haram kommune · KjerstadTilkallingsvikarBarnepass · Deltid · FleksibelFrist 31. desember