deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Sogndal › Tilkallingsvikarar til sjukeheimen og heimetenesta

Tilkallingsvikarar til sjukeheimen og heimetenesta

HelseFleksibel

Om stillingen

Me treng fleire tilkallingsvikarar på Leikanger sjukeheim og i heimetenesta på Leikanger. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå d.d., og det vil bli tilsett fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim

Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet

Oppfølging av ernæring

Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer

Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Assistentar, elevar/studentar innan helsefag

Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon

Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt

Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Datakunnskap

Må vere over 18 år eller fylle 18 år det året du begynner

For stilling i heimetenesta: førarkort

Personlege eigenskapar

Løysingsfokusert

Ha evne og interesse for eldreomsorg

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Me tilbyr

Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Gode velferdsordningar

Godt fagleg miljø

Løn etter tariff Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste.

Arbeidssted

Leikanger, Sogndal

Publisert 13. oktober

Lignende jobber

Lege- og helsestasjontjenesten, Meløy kommune · ØrnesHelsesykepleierHelse · 80 % · FleksibelFrist 16. november