deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Molde › Tilkallingsvikarer

Tilkallingsvikarer

HelseFleksibel

Om jobben

Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb?

Vi søkjer no etter engasjerte og pålitelege tilkallingsvikarar til sengeposten vår.

Sengepost Medisin 2 ved SNR omfattar fagområda lungemedisin, indremedisin og fordøyingssjukdommar. Hos oss møter du pasientar med ulike og samansette behov, og får vere med på å gi heilskapleg behandling, pleie og omsorg i eit tverrfagleg miljø. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er oppteke av samarbeid, kvalitet og kompetanseutvikling. Som tilkallingsvikar får du god opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, slik at du kan kjenne deg trygg i rolla.

Arbeidskvardagen er variert, og du får høve til både fagleg og personleg utvikling. Arbeidsmiljøet vårt er prega av respekt, samarbeid og engasjement, og vi ønskjer å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette og inkluderte.

Høyrast dette spennande ut?

Send oss ein søknad og bli med på laget!

Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!

Arbeidsoppgåver

Grunnleggjande pleie og omsorg til akutt og kronisk sjuke medisinske pasientar

Observasjon, oppfølging og dokumentasjon av pasientforløp

Praktiske oppgåver og daglege gjeremål på sengeposten

Vere fastvakt ved behov

Kvalifikasjonar

Sjukepleiar eller helsefagarbeidar med norsk autorisasjon

Sjukepleiestudent eller student innan helsefag

Meistrar norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver

Du er ansvarsbevist, punktleg og tek initiativ

Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

Ein unik læringsarena der du får brei erfaring med eit mangfald av medisinske problemstillinga

Eit godt, trygt og støttande arbeidsmiljø

Grundig opplæring og tett oppfølging i avdelinga

Sterkt tverrfagleg samarbeid med dyktige fagmiljø

Ein inkluderande arbeidsplass der fellesskap og samarbeid står sentralt

Løn i samsvar med gjeldande overeinskomsta

Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsordningar Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her .

Kontaktinformasjon

Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5198742480

Stillingsprosent: 0%

Tilkalling/Timebasis

Søknadsfrist: 02.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF.

Arbeidssted

Hjelset, Molde

Publisert 9. november

Lignende jobber

HELSETENESTEUTVIKLING, Helse Møre og Romsdal HF · HjelsetSmittevernlegeHelse · 60 % · FleksibelFrist 6. desember