deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Tilsynsførar

Tilsynsførar

HelseKveld og fleksibel

Om stillingen

Vil du bidra til at barn i fosterheim har det trygt og godt?

Setesdal barnevern søkjer ein tilsynsperson for barn som bur i fosterheim.

Vi ser etter ein trygg og engasjert vaksen som er god til å lytte, skape tillit og møte barn og unge med respekt.

Setesdal barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for Bykle, Valle og Bygland, med Valle som vertskommune.

Som tilsynsførar i Setesdal barnevern skal du føre uavhengig tilsyn med at barn får forsvarleg omsorg i fosterheimen, og at føresetnadene for plasseringa blir følgde opp. Du skal bidra til at barnet blir høyrt, og vere ein person barnet kan snakke med om korleis det har det – også om forhold som opplevast vanskelege i fosterheimen eller i kontakten med barnevernstenesta.

Det er viktig at du kan følgje barnet over tid og byggje ein trygg relasjon.

Stillinga er fast oppdrag og ledig frå d.d.

Arbeidsoppgåver

Planleggje og gjennomføre regelmessige tilsynsbesøk, som hovudregel minst fire gonger i året per barn

Snakke med barnet og leggje til rette for samtalar utan fosterforeldra til stades

Innhente relevant informasjon og vurdere korleis barnet har det i fosterheimen

Skrive rapport etter kvart tilsyn, der barnet sine synspunkt og dine eigne observasjonar og vurderingar kjem tydeleg fram

Melde frå dersom du blir uroa for barnet sin omsorgssituasjon.

Delta i nødvendig opplæring og rettleiing

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer at du:

har erfaring med barn og unge og evne til å skape tillit

er trygg, lydhøyr og respektfull i møte med ulike livssituasjonar

kan arbeide sjølvstendig, planleggje besøka og halde fristar

har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

har tid og kapasitet til å ta på deg oppdraget over tid

kan gjennomføre besøk på tidspunkt som passar barnet og fosterfamilien, også på ettermiddag og kveld Relevant helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit og evna til å møte det enkelte barnet vil bli tillagt stor vekt. Du må kunne ivareta ei uavhengig rolle overfor barnevernstenesta og fosterfamilien. Tilknytingar som kan påverke uavhengigheita, vil bli vurderte før tildeling av oppdrag.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart. Tilsynspersonen har teieplikt.

Personlige eigenskapar

Varm vaksen

Strukturert

Interessert og engasjert i barns oppvekstvilkår

Evne til å skape god og varm kommunikasjon og tillit

Vi tilbyr

Løn etter avtale (timesbasert)

Kjøregodtgjering og utgiftsdekning ifbm besøk

Rettleiing i oppdraga

Kursing

Viktig for søknaden din:

CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter

Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

Kontaktinformasjon

Hedda Helene Schaanning, Leiar oppvekst og barnevern, +47 47642462, hedda.helene.schaanning@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Leitebakken 31

4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5191467243

Stillingsprosent: 3%

Fast

Startdato: 26.10.2026

Søknadsfrist: 08.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Setesdal barnevern, Valle kommune.

Arbeidssted

Valle

Publisert 22. oktober

Lignende jobber

Medisinsk klinikk, Oslo universitetssykehus HF · OsloSykepleier helgestillingHelse · 55 % · Helg og fleksibelFrist 8. november