deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Skole › Bergen › Undervisningsstilling i Samfunnsøkonomi 1 og 2

Undervisningsstilling i Samfunnsøkonomi 1 og 2

Skole56 %Dag

Om jobben

Er du ein pedagog med hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt?

Ynskjer du å jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?

Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!

Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulane i landet. Skulen har om lag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:

Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi

IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme

Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1

Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging

Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering Frå 04.01.2027 har Bergen katedralskole ledige vikariat i Samfunnsøkonomi 1 og 2

Arbeidsoppgåver

Undervisning på dagtid i Samfunnsøkonomi 1 og 2 i til saman 56%

Kvalifikasjonar

Formell undervisningskompetanse innanfor samfunnsøkonomi

Pedagogisk utdanning

Gyldig politiattest

Vi søkjer deg som

- har eit stort engasjement for faget og formidling

- har evna til å inspirere og motivere elevane

- har gode samabeidsevner og bidreg til gode relasjonar

- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi tilbyr

Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte elevar og tilsette

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Dag Haugstvedt, Avdelingsleiar, 95970235, Dag.Christer.Kaarstad.Haugstvedt@vlfk.no

Arbeidsstad

Kong Oscars gate 36

5017 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5206628760

Stillingsprosent: 56%

Vikar

Startdato: 04.01.2027

Sluttdato: 31.07.2027

Søknadsfrist: 29.11.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Bergen katedralskole.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 5. november

Lignende jobber