deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Vi har ledig stilling som

Vi har ledig stilling som

Helse60–90 %Helg

Om jobben

Vi har ledig 60-90% fast stilling som sjukepleiar i omsorgstjenesten i Hjartdal!

Interessant? Da håpar vi du les vidare!

Korleis er det på Hjartdal Omsorgssenter?

Hjartdal kommune fekk nytt omsorgssenter i 2020.

Vi har 4 avdelingar på omsorgssenteret, med 18 institusjonsplassar, 1 KAD-plass samt 8 omsorgsplassar.

På omsorgssenteret har og Heimetenesta base, som skapar eit godt samarbeid mellom einingane.

Vi har eit fullproduksjon kjøkken i same bygg, som lagar måltida til dei på institusjon og dei som bur heime.

På onsdagar er det open kafé inne på omsorgssenteret, som er eit tilbod for alle, og her kan ein kjøpe seg ein betre lunsj.

Vi meiner at samhald, positivitet og samarbeid er viktige verdiar, og vi tenkjer det gjer oss til ein av norges beste arbeidsplassar!

Får vi deg med på laget?

Dette tilbyr vi deg

Høgt fagleg fokus, gode og riktige utfordringar for nettopp deg

Møtetid innbaka i turnus

Moglegheit for å vera med på å påvirke din eigen arbeidskvardag

Stillinga er ei ren nattevakt, med arbeid også på helg.

Stillingas omfang er 60-90%.

Ein del av kommunens felles natt-team mellom institusjon og hjemmebasera tenester.

Lønn over tariff; 25.000kr som tillegg på årsløn for autorisert sjukepleiar.

Lokalt nattillegg.

Vi tek godt vare på våre ansatte!

Konkurransedyktige ordningar for deg som tilsett

Du blir tilsett basert på gjeldande lovar, reglement og tariffavtaler.

God forsikrings- og pensjonsordning

I Hjartdal Kommune gjer vi eit tillegg på 25.000kr på årsløn for sjukepleiarar med autorisasjon.

Vi trur dette er deg

Positiv og løysingsorientera

Arbeidssam og bidragsgivande

Endringsvillig og glad i utfordringar

Klar for å læra nye ting

Kompetansekrav

Sjukepleiar m/autorisasjon (HPR-nr)

Gode norskkunnskaper

Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over

Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.

Prøvetida di er på 6 månadar.

Blir du tilsett, må du leggje fram gyldig politiattest og HPR nummer (autorisasjonsnummer)

Skal du bli tilsett, må du vere personleg eigna for stillinga.

Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!

Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.

Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Hjartdal kommune Hjartdal omsorgssenter.

Arbeidssted

Sauland, Hjartdal

Publisert 26. november

Lignende jobber