deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Skole › Vi søkjer danselæar ved Kviteseid kulturskule i 19,4% stilling

Vi søkjer danselæar ved Kviteseid kulturskule i 19,4% stilling

Skole19 %Kveld

Om stillingen

Vi søkjer ein danselærar som brenn for å undervise barn og unge i dans!

Vi har ledig ei fast stilling på 19,4 %. Undervisninga går føre seg i Kviteseidhallen og er i hovudsak knytt til SFO-tid og tidleg ettermiddag. Ønskt undervisningsdag er tysdagar i tidsrommet kl. 14.00–17.00, men andre dagar og tidspunkt kan vere aktuelle. Vi ønskjer særleg kompetanse innan moderne og urbane dansestilar som Streetdance, Hip-Hop eller Streetfunk.

Stillinga omfattar undervisning av barn og ungdom i alderen 6–16 år. Til no har undervisninga vore organisert i tre grupper: SFO-barn, elevar på 4.–7. trinn og elevar på 8.–10. trinn.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Arbeidsoppgåver

planleggje, gjennomføre og evaluere danseundervisning for barn og ungdom

skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø

tilpasseundervisninga til ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå

arbeide med koreografi og førebuing til framsyningar

inspirere elevane til skaparglede, sjølvutfalding og meistring gjennom dans

følgje opp elevane si faglege og personlege utvikling I tillegg til sjølve undervisninga omfattar stillinga førebuingstid, personalmøte, oppfølging av elevar og elevlister, kontakt med føresette, samt deltaking og arrangementsansvar ved framsyningar og andre arrangement.

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning innan dans eller relevant realkompetanse

Pedagogisk utdanning eller annan relevant realkompetanse

Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

har engasjement for og interesse av å undervise i dans på alle nivå i eit trygt og motiverande læringsmiljø

er påliteleg og har evne til å planleggje og informere i god tid

har gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement

ønskjer å bidra positivt i kulturskulen sitt profesjonelle læringsfellesskap

kan arbeide sjølvstendig og strukturert

har evne og vilje til å bruke digitale verktøy i samarbeid med elevar, føresette og kollegaer

har undervisningserfaring og gjerne kan vise til referansar Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

Samarbeid med trivelege og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg praksisfellesskap

Løn etter gjeldande tariffavtale

Kontaktinformasjon

Martin Krause, Rektor, 9080 4519, martin.krause@kviteseid.kommune.no

Arbeidsstad

Knut Taraldsens veg 8

3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5201837521

Stillingsprosent: 19%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Ved Kviteseid kulturskule.

Arbeidssted

Kviteseid

Publisert 29. oktober

Lignende jobber