deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Voss › Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre?

Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre?

Helse20 %Helg og fleksibel

Om jobben

Tilsetjing fortløpande i perioden

Assistent i heimetenesta – Område vest (Tilkallingsvikar og mindre deltidsstillingar på helg 0–20 % stilling)

Heimetenesta i Område vest søkjer engasjerte assistentar i 0–20 % stilling. Dette er ei flott moglegheit for deg som ønskjer erfaring innan helse- og omsorgsarbeid, er student innan helsefag eller trivst med å arbeide tett på menneske.

Om arbeidsplassen

Område vest held til ved Voss sjukeheim, sentralt plassert like ved Voss sjukehus og med kort gangavstand til sentrum og kollektivtransport. Heimetenesta yter tenester til innbyggjarar i området frå Vosso til Bolstadøyri. Vi arbeider etter årsturnus, noko som gir føreseielege arbeidsdagar for tilsette og god kontinuitet for brukarane våre.

Arbeidsoppgåver

Som assistent vil du bidra til:

Pleie og omsorg for brukarar i heimetenesta

Praktisk hjelp og reinhald i heimen til brukarane

Mattilbereding og tilrettelegging av måltid

Utarbeiding av handlelister i samarbeid med brukar

Dokumentasjon og journalføring

Bruk av velferdsteknologi

Utdeling av ferdig tillaga medikament etter opplæring

Tverrfagleg samarbeid

Eit godt arbeidsmiljø

Arbeid etter etiske retningsliner og gjeldande lovverk

Brukarmedverknad og fokus på kva som er viktig for den enkelte Kven ser vi etter?

Vi ønskjer deg som:

Har lyst til å gjere ein forskjell for andre

Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team

Er positiv, fleksibel og engasjert

Har interesse for helse- og omsorgsarbeid Stillinga passar særleg godt for:

Helsefagelevar

Sjukepleiarstudentar

Vernepleiarstudentar

Andre som ønskjer erfaring frå helse- og omsorgssektoren

Kvalifikasjonar

Gyldig arbeids- og opphaldsløyve

Førarkort klasse B, eller vere under opplæring. Søkjarar utan førarkort kan òg bli vurderte dersom dei er i gang med føraropplæring.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing Personlege eigenskapar vert lagde stor vekt på.

Vi tilbyr

Ei meiningsfull og variert stilling

Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø

Gode moglegheiter for læring og utvikling

Opplæring og rettleiing

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande kommunalt avtaleverk Bli med og skap gode dagar for brukarane våre. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Voss herad Heimeteneste sone vest.

Arbeidssted

Voss

Publisert 22. november

Lignende jobber

Bygdelegane på Voss · VossHelsesekretærHelse · 80 % · Dag, kveld, helg og fleksibelPublisert 20. november