deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Barnepass › Askvoll › Vil du jobbe som pedagogisk leiar i Bulandet barnehage, i den vestlegast barnehagen i Noreg?

Vil du jobbe som pedagogisk leiar i Bulandet barnehage, i den vestlegast barnehagen i Noreg?

Barnepass80 %Fleksibel

Om jobben

I Bulandet barnehage i Askvoll kommune har vi ledig 80% vikariat som pedagogisk leiar i tida 04.01.27-18.07.27.

Bulandet barnehage ligg plassert heilt ytst i havgapet på den vestlandske kysten, noko som gir ungane ein heilt spesiell og unik nærleik til naturen, havet og lokalsamfunnet. Barnehagen og er samlokalisert med skulen, og samarbeider tett for å sikre ein trygg overgang frå barnehage til skule. Vi eit godt fagleg miljø og god trivsel.

Vi søker deg som

er engasjert i barnas leik og utvikling

tek initiativ og er fleksibel

er opptatt av relasjonsbygging

nyttar kompetansen din til å reflektere i lag med teamet

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk arbeid i avdelinga

Rettleie i pedagogiske prosessar og utviklingsarbeid

Følgje opp barn med trong for tilrettelegging og/eller spesialpedagogisk hjelp

Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeid i barnehagen

Sikre barnehagen som ein god omsorgs- og læringsarena

Sikre eit godt samarbeid med barn, foreldre, personal og andre samarbeidspartnarar

Tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader

Skape eit godt leike- og læringsmiljø og bruke ulike metodar for å sikre at alle barna sine interesser, behov og mulegheiter vert ivaretekne og utvikla

Kvalifikasjonar

Godkjent utdanning som barnehagelærar (søkjarar som har utdanning frå utlandet må leggje ved dokumentasjon på godkjent utdanning i Norge)

Ønskjeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk

Andre søkjarar utan kvalifisert utdanning vert vurdert om vi ikkje får kvalifiserte søkjarar

Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande krava i barnehagelova §28

Meistre barnehagen sine digitale verktøy

Personlege eigenskapar

Du har barnet i sentrum, og er ein god rollemodell for barn og medarbeidarar

Du er fagleg oppdatert, og ein pådrivar i utviklingsarbeid

Du samarbeider godt med andre

Du kan jobbe sjølvstendig, og samtidig ha evna til å jobbe i team

Du er ansvarleg, engasjert, løysingsfokusert og reflektert

Du er ein inspirator og motivator for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Ein spennande kvardag i ein trygg og god barnehage

Ein barnehage som er opptatt av å gje medarbeidarar ansvar, tillit og høve til på påverke sin eigen kvardag

Rettleiing for nyutdanna pedagogar (oppfølgjing)

Samarbeid med dyktige og erfarne medarbeidarar

God forsikring

Offentleg pensjonsordning (KLP)

Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, og lønspolitisk plan Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Gyldig politiattest må framleggjast barnehagestyrar før tilsetjing.

Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Askvoll kommune Bulandet barnehage.

Arbeidssted

Bulandet, Askvoll

Publisert 17. november

Lignende jobber