deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Bergen › Energivert/aktivitør i 12% turnusstilling kveld/helg

Energivert/aktivitør i 12% turnusstilling kveld/helg

Helse12 %Dag, kveld, helg og fleksibel

Om jobben

Energisenteret for barn og unge (Energisenteret) skal vere knutepunktet for fysisk aktivitet for barn og unge med særskilde behov, og huser aktivitet på tvers av klinikkar og avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. I senteret er målet at barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre. Alle som har relasjon eller oppgåver knytt til primærbrukarae kan også nytta senteret. Det kan vere familie, vener, helsepersonell, brukargruppar, idrettslag, lærarar, trenarar, forskarar og studentar. På dagtid nyttast Energisenteret til pasientbehandling, medan det på ettermiddag/kveld er ein god blanding av intern og ekstern aktivitet i lokala. Delar av desse aktivitetane er ønskt følgt opp av Energivertar. Primæroppgåver er å ivareta sikkerheit og yte service overfor brukarane av svømmebasseng, kino og gymsal i Energisenteret for barn og unge.

For å vere Energivert/aktivitør må du ha bestått livbergingskurs og -test, og det vil vere eit vedvarande krav om årleg gjennomført og bestått livbergingskurs og -test. Opplæring og kurs vil bli gjennomført og økonomisk dekt for den som blir tilsett om du ikkje har dette frå før. Arbeidstida er hovudsakleg 2-4 timars vakter på ettermiddag/kveld og helg i ein delvis fast vaktplan. Noen vakter vil bli fordelt etter avtale underveis. Intervju blir gjennomført fortløpande.

Vi ønsker no å tilsette to medarbeidarar i 12% faste stillingar. Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding.

Arbeidsoppgåver

Primæroppgåver er å ivareta sikkerheit og yte service overfor brukarane av gymsal, svømmebasseng og kino i Energisenteret for barn og unge

Stillinga inneber også klargjering og reinhald av dei aktuelle areala

Å vere Energivert/aktivitør i svømmebassenget er ein fysisk krevande jobb og du må ha gode svømmeferdigheiter, god helse og ha bestått livbergingskurs og test

Arbeidstid er normalt kortare vakter på ettermiddag/kveld, med nokre laurdagar/søndagar i løpet av året. Stillinga eignar seg difor særs godt som bistilling til studiar eller anna arbeid

Kvalifikasjonar

Meistre norsk skriftleg og munnleg

Søkar må vere over 18 år

Det er krav om bestått kurs i livberging og dykk på bassengets djupaste område som er 3,5 meter, eller vere gjennomført innan 3 månader etter oppstart

Det vil bli gjennomført fysisk utsjekk, eller dokumentert at ein har nyleg tilsvarande test

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)

Det er ein fordel å ha brattkort for sikring i klatrevegg, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Du må vere serviceinnstilt, glad i menneske og ansvarsbevisst

Initiativrik og ansvarsfull

Du må også ha oversikt, kunne ta raske beslutningar og behalde roen dersom ein kritisk situasjon oppstår

Det vil bli lagt vekt på fleksibilitet på arbeidstid

Vi tilbyr

Ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt miljø med ulike pasient- og yrkesgrupper

Lønn iht gjeldane overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Connie Mjåtvedt Aspevoll, Assisterande seksjonsleiar, 98414708

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5215125211

Stillingsprosent: 12%

Fast

Startdato: 04.01.2027

Søknadsfrist: 09.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Barne- og ungdomsklinikken/ Energisenteret for barn og unge, Helse Bergen HF.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 26. november

Lignende jobber

Skien Helsehus, Skien kommune · SkienSykepleier - nattHelse · 90 % · FleksibelFrist 31. desember