Guide i Skipshelleren
Om stillingen
Om stillinga
Stillinga som guide i Skipshelleren på Stamnes er sesongbasert og omfattar formidling til skuleklassar i mai og juni kvart år. Arbeidet inneber mellom anna å fortelle om historia og kulturminneverdien til Skipshelleren og bidra til ei god oppleving for klassane.
Stillinga har eit omfang på om lag 16 %, tilsvarande vanlegvis 1–2 dagar per veke i sesongen. Du kan i stor grad vere med og planlegge kva dagar du arbeider, i dialog med arbeidsgjevar og ut frå bestillingar og aktivitet.
Vi ser etter deg som er interessert i lokalhistorie og kulturformidling, trivst med menneske og kan formidle på ein tydeleg og engasjerande måte. Opplæring i innhald og praktisk gjennomføring vert gitt.
Arbeidsoppgåver
•Ta i mot skuleklassar og gjennomføre undervisningsopplegg om steinalderen.
•Formidle historia og kulturminneverdien til Skipshelleren på ein engasjerande og aldersretta måte.
•Førebu og rydde etter undervisningsopplegg, og bidra til at besøket vert gjennomført på ein trygg og god måte.
Kvalifikasjonskrav
•Ønskeleg med pedagogisk utdanning eller relevant erfaring.
•Søkarar utan formell erfaring kan bli vurdert.
•God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tenesta nyttar nynorsk.
•Trygg i bruk av digitale kommunikasjonsformer.
•Krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
•Er oppteken av formidling og trivst i lag med born og unge.
•Brenn for kulturarven og at den skal vere relevant for framtidas generasjonar.
•Er konstruktiv, kreativ og løysingsorientert. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal Kommune kan tilby
•Gode pensjons- og forsikringsordningar
•Individuell oppfølging
•Gode moglegheitar for støtte til utdanning
•Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Vaksdal kommune.
Arbeidssted
Dalekvam, Vaksdal