deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Askvoll › Har du gode mellommenneskelege ferdigheiter, og likar å gje omsorg og omgås mange ulike typar menneske? Då er stillinga noko for deg

Har du gode mellommenneskelege ferdigheiter, og likar å gje omsorg og omgås mange ulike typar menneske? Då er stillinga noko for deg

Helse10–95 %Helg og fleksibel

Om jobben

Vi søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar som vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeider godt med mål om og skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg.

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap.

Heimetenesta i Askvoll kommune yter helse og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigen heim og i omsorgsbustadar. Tenesta omfattar mellom anna heimesjukepleie, praktisk bistand og oppfølging av brukarar med ulike behov . Vi arbeider for at den enkelte skal kunne bu lengst mogleg i eigen heim, oppleve tryggleik, meistring og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag.

Vi har følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg:

95% fast stilling på helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med arbeid kvar 5 helg langvakter

Helgestillingar frå 10-20% fast Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på.

Arbeidsoppgåver

Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i «kva er viktig for deg?»

Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet

Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar

Medikamenthandtering

Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt

Medverke til god informasjonsflyt

Pliktar å halde seg oppdatert innan eige fagfelt og delta i relevante møte/opplæring

Rettleie pasientar, pårørande og tilsette, samt studentar/elevar

Medverke til eit godt arbeidsmiljø

Etaten nyttar Acos Cosdoc som dokumentasjonsverkty

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med fagbrev

Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Positiv, fleksibel og fagleg engasjert

Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg

Like utfordringar og er løysingsorientert

Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

Vi tilbyr

Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø

Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg gjennom statleg ordning

Arbeid etter 35,5 t/veke og på helg

Mogelegheit for å jobbe langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. I staden for vanlege vakter kvar tredje helg

Gode pensjonsordningar gjennom KLP

Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing i følgje personalhandbok for Askvoll kommune Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.

Ta kontakt om du har spørsmål om stillingane.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Askvoll kommune Heimetenester.

Arbeidssted

Askvoll

Publisert 24. november

Lignende jobber

Malvik kommune · HommelvikSykepleierHelse · 70 % · HelgFrist 27. desember