deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Helgestillingar for helsefagarbeidarar - løn over tariff og ekstra helgekompensasjon
Gulen kommuneDalsøyra

Helgestillingar for helsefagarbeidarar - løn over tariff og ekstra helgekompensasjon

Helse15–19 %Dag, helg og fleksibel

Om stillingen

Om stillinga

Gulen kommune har ledig fylgjande helgestillingar i Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale:

19% fast stilling som helsefagarbeidar. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra, med kortvakter kvar 3. helg

13,15% fast stilling som helsefagarbeidar. Stillinga er for tida knytt til avdeling Byrknes, med arbeid kvar 3. helg, med dagvakt laurdag og søndag.

Me tilbyr

Løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus

Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt

Gode pensjons- og forsikringsordningar I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.

Arbeidsoppgåver

Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå

Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane

Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav

Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling.

Førarkort klasse B

Gyldig politiattest

God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar

Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen

Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar

Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert

Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar

For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga

Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Gulen kommune.

Arbeidssted

Dalsøyra, Gulen

Publisert 18. mai

Lignende jobber

Gulen kommune · DalsøyraHelsefagarbeidarHelse · 33–50 % · Helg og fleksibelFrist 10. november