deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Helsefagarbeidar
Gulen kommuneDalsøyra

Helsefagarbeidar

Helse33–50 %Helg og fleksibel

Om stillingen

Om stillingane

Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig:

I inntil 50% vikariat som helsefagarbeidar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet.

I inntil 33% fast stilling som helsefagarbeidar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter. Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre.

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.

Me tilbyr

Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling

Arbeidsoppgåver

Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå

Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane

Andre oppgåver som måtte kome til I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg

Kvalifikasjonskrav

Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling

Førarkort klasse B

Gyldig politiattest ved tilsetjing

God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar

Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen

Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar

Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert

Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar

For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga

Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Gulen kommune.

Arbeidssted

Dalsøyra, Gulen

Publisert 27. oktober

Lignende jobber