Helsefagarbeidar
Om jobben
Gloppen legesenter ligg på Sandane. Her jobbar åtte fastlegar, turnuslege, helsesekretærar/helsefagarbeidarar, bioingeniør og sjukepleiarar.
Legesenteret er kommunalt, og vart bygt i 2012. Lokala er lyse og trivelege med utsikt utover fjorden frå kontoret.
Vi har no ledig 70 % fast stilling som støttepersonell ved Gloppen legesenter med snarleg tilsetting. Helsefagleg bakgrunn er ynskjeleg.
Arbeidet er på dagtid.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette vil få ansvar på ulike arbeidsområder med hovudvekt på merkantile oppgåver som arkivering, scanning, arbeid med post, sterilisering av instrument. Vidare vil prosedyrer som ekg , handtering av 24t BT apparater, fjerning av sting vere blant arbeidsoppgåvene. Det kan tilkome nye helsefaglege arbeidsoppgåver etterkvart.
Kvalifikasjonar
•Vi søkjer primært etter ein person med helseutdanning, men også andre med relevant praksis kan søke
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer ein person som er ansvarsbevisst, sjølvstendig og som kan jobbe i team.
Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg,
Personleg kvalifikasjonar, interesse og kunnskap innan IKT vert vektlagt
Vi tilbyr
•Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
•For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Elin Bergheim, Tenesteleiar Legesenteret, +47 908 48 835
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5215545212
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.03.2027
Søknadsfrist: 17.12.2026
«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Legetenesta, Gloppen kommune.
Arbeidssted
Sandane, Gloppen
