deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Nattevaktstillingar

Nattevaktstillingar

Helse31–80 %Helg og fleksibel

Om jobben

Vil du bidra til tryggleik og gode tenester gjennom natta?

Miljøarbeidertenesta, avdeling 1 (Åsavegen, Furubu og Solsikka) har ledige stillingar:

- Vikariat i 80 % på natt med arbeid kvar tredje helg i perioden 01.04.27 til 19.04.28. Det er moglegheit for forlenging, i form av fast tilsetning i tenesta.

- fast stilling i ca 31 % helg på natt. Stillinga utgjer arbeid natt til laurdag, natt til søndag og natt til måndag kvar tredje helg.

På natt er du med på å sikre at bebuarane våre får eit trygt, godt og forsvarleg tenestetilbod. Arbeidet omfattar mellom anna observasjonar, oppfølging av individuelle tiltak og praktisk bistand etter behov. Du arbeider tett saman med to andre nattevakter og blir ein viktig del av laget rundt brukarane.

Miljøarbeidertenesta yter tenester til personar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å gi fagleg gode tenester. Målet er å bidra til at kvar enkelt brukar kan leve eit godt liv ut frå eigne føresetnader, ønskje og behov. Dette krev tilsette som møter menneske med respekt, omsorg og fagleg bevisstheit.

Som nattevakt må du rekne med å delta på personalmøte og fagmøte som er lagt inn i turnus gjennom året.

Har du spørsmål om stillinga eller turnusordninga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Tiltreding: 01.04.27 eller tidlegare etter avtale. Oppgi i søknaden om du søker på fast helg 31% eller 80% stilling.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:

Oppfølging av tenestemottakarar ut frå individuelle tiltak og behov

Helseoppfølging

Observasjonar og dokumentasjon

Tiltak etter kapittel 9 helse- og omsorgstenestelova

Kvalifikasjonar

Sjukepleiar, vernepleiar, fagarbeidar eller pleiemedarbeidar

Du må kunne snakke og skrive godt norsk

Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem

Ynskjeleg med erfaring frå målgruppa Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Vi søker etter deg som

Kan arbeide strukturert og planmessig

Skapar gode relasjonar til dei rundt deg og opptrer med tolmod og respekt

Som er ein pådrivar for å skape ei god teneste, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Er ansvarsbevisst og trygg i rolla

Vi tilbyr

Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

Tillegg på kr 20.000 årleg jmf % stilling for arbeid på natt (gjeld alle).

Tilleg på kr 8000 årleg i 100 % stilling på natt for høgskuleutdanna

Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Høgskulestudentar innen relevant utdanning får lønnskompensasjon

For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar.

Kontaktinformasjon

Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta, +47 478 75 932

Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5211797497

Stillingsprosent: 80, 31%

Vikar, Fast

Søknadsfrist: 03.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune.

Arbeidssted

Sandane, Gloppen

Publisert 18. november

Lignende jobber

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune · SandaneHelgestilling skjerma avdHelse · 14–20 % · Helg og fleksibelFrist 6. desember
Legetenesta, Gloppen kommune · SandaneHelsefagarbeidarHelse · 70 % · DagFrist 17. desember
DPS Døgn Kongsberg Enhet 1, Vestre Viken · KongsbergSykepleier/vernepleierHelse · 30–80 % · Dag, kveld, helg og fleksibelFrist 2. desember