deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Restaurant › Sunnfjord › Kjøkkentenesta søker etter ny medarbeidar

Kjøkkentenesta søker etter ny medarbeidar

Restaurant60 %Dag og helg

Om stillingen

Kjøkkentenesta har kjøkken på alle omsorgssentera i Sunnfjord kommune. Vi produserer mat til bebuarar på omsorgssenteret, til heimebuande, samt leverer varm mat alle dagar i året.

Har du fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget, og ønsker å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for brukarane våre?

Vi har ledig følgande stilling:

60 % fast stilling som kokk, for tida ved Skei omsorgssenter Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg og har arbeid på dagtid.

Kvalifikasjonar:

fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget

kunnskap om IK-mat og HACCP

gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Har du erfaring frå storkjøkken, men manglar fagbrev, er du også velkomen til å søke. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

produksjon og tilrettelegging av måltid

sikre god kvalitet og arbeide etter gjeldande krav innan IK-Mat og HACCP

samarbeid med kollegaer og andre faggrupper

bidra til utvikling av gode mat- og ernæringstenester

Vi legg vekt på at du:

er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

har interesse for å yte gode tenester til brukarane våre

er strukturert og tek ansvar i det daglege arbeidet

Vi tilbyr:

eit triveleg og fagleg engasjert arbeidsmiljø

varierte arbeidsoppgåver

moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas mat- og ernæringstenester Vi ønsker medarbeidarar som ser verdien av mat og ernæring som ein viktig del av helse, trivsel og omsorg.

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Sunnfjord kommune Kjøkkentenesta.

Arbeidssted

Skei i Jølster, Sunnfjord

Publisert 28. oktober

Lignende jobber

Frida As · TrondheimServitørRestaurant · Deltid · Kveld og helgPublisert 27. oktober