deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Skole › Lærar

Lærar

Skole80 %Kveld og fleksibel

Om jobben

Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette. Vi har no ledig eit vikariat frå 1.1.27-30.06.27, (med moglegheit for forlenging) på 80 % som lærar for vaksne deltakarar.

Kvalifiseringssenteret er organisert under sektor for kultur og oppvekst, saman med kulturavdelinga, skule, barnehage og kulturskulen.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i norsk som andrespråk og grunnmodul (alfabetisering) i grunnskuleopplæring

Undervisning i samfunnskunnskap og arbeidsnorsk

Funksjon som kontaktlærar

Samarbeid med arbeidsgjevarar i bedrifter i høve praksis for deltakarar på norskopplæring

Tett samarbeid med flyktningtenesta og NAV

Leggje til rette for best mogleg kvalifisering for å meistre eigen kvardag i Noreg

Kveldsundervisning ein gong i veka kan påreknast.

Kvalifikasjonar

Godkjend lærarutdanning og studiepoeng i norsk

Bør ha 30 studiepoeng i norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk

Erfaring frå tilsvarande arbeid vil vere ein fordel

God digital kompetanse Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter.

Politiattest må leggast fram før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Verdisyn, interesse og engasjement for å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn

Ønskje om å inspirere og motivere menneske i utfordrande livssituasjonar

Fleksibel og motivert for varierte arbeidsoppgåver

God formidlingsevne, har tydeleg kommunikasjon

God på samarbeid i team og tverrfagleg samhandling

Er målretta og har evne til å arbeide sjølvstendig Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

Eit aktivt, mangfaldig og sosialt arbeidsmiljø

Fagleg utvikling, deling og læring i eit kompetanserikt fellesskap

Heilskapleg tenking med undervisning, karriere, arbeidsliv og livsmeistring

Personleg rettleiing og samhandling

God pensjonsordning og fritidsforsikring Vi tilset på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarliste kan verte offentleggjort.

Herøy kommune er kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25.000,- kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Kontaktinformasjon

Camilla Storøy, Avdelingsleiar, kvalifiseringssenteret, 41424728

Arbeidsstad

Lisjebøvegen 23

6091 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5213583570

Stillingsprosent: 80%

Engasjement

Søknadsfrist: 07.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Herøy kommune, Kvalifiseringssenter.

Arbeidssted

Fosnavåg, Herøy (møre og Romsdal)

Publisert 24. november

Lignende jobber

Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B · GurskøyHelsefagarbeidarHelse · 80 % · HelgFrist 14. desember
Hjalmar Johansen videregående skole, Telemark Fylkeskommune · SkienVikariat - lærer realfagSkole · 97 %Frist 10. desember