deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidar

Helse80 %Helg

Om jobben

Ønsker du å bidra til ein trygg kvardag for personar med demens? Vi har ledig ei 80 prosents fast stilling som helsefagarbeidar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskilt med individtilpassa miljøarbeid.

Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med arbeid kvar fjerde helg med 12,5 timers vakter på helg. Stillinga er ledig frå 04.01.2027.

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:

Seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)

Seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald

Arbeidsoppgåver

pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim

individtilpassa miljøarbeid

utarbeide og fylgje opp tiltaksplanar

dokumentasjon etter gjeldande lovverk

rettleie og samarbeide med anna helsepersonell

rettleie og samarbeide med pårørande

bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar

har vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel

kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel

har god munnleg og skriftleg framstillingsevne Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte

tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen

kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer

er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt

kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt

møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar

har vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben

bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver

likar faglege utfordringar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande

har fokus på heilskapleg pasientforløp Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

løn etter gjeldande tariffavtale

gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP

fagdag i turnus

stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg

godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse

elektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederen

IA-bedrift Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Ane Nærø, Seksjonsleiar, +47 93875336

Arbeidsstad

Åsvegen 13

6080 Gurskøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5212887910

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 14.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B.

Arbeidssted

Gurskøy, Herøy (møre og Romsdal)

Publisert 22. november

Lignende jobber