deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Barnepass › Øygarden › Liljevatnet barnehage

Liljevatnet barnehage

Barnepass70 %Fleksibel

Om jobben

Vil du vere med å skape kvardagsmagi, livsglede og meistring?

Liljevatnet barnehage søkjer ein engasjert og relasjonssterk barnehagelærar til mellombels 70%- 100 % stilling. Snarleg tiltreding, med varigheit til 14.08.2027, og moglegheit for forlenging.

Hos oss får du arbeide i ein barnehage der naturen er ein viktig del av kvardagen, der leik og utforsking står sentralt, og der vi meiner at dei beste resultata kjem når vi samarbeider og løftar kvarandre fram.

Visjonen vår er: "Vi set varige spor."

No ønskjer vi ein ny lagspelar som vil vere med å gje barna gode opplevingar, meistringskjensle og ein trygg og utviklande barnehagekvardag.

Kvifor velje Liljevatnet barnehage?

Liljevatnet barnehage er ein kommunal barnehage med fire avdelingar og om 70 barn. Vi har eit sterkt fagmiljø med rundt 18 faste tilsette og eit tett samarbeid med spesialpedagogiske ressursar, og andre fagpersonar.

Barnehagen har et stort og variert naturområde tilhørende barnehagen. Barna får oppleve:

turar til nærområdet

eit variert og spennande uteområde med egen ballbinge

eigen gymsal Vi er opptekne av å utvikle framtidas barnehage og arbeider aktivt med Øygarden kommune sine satsingsområde innan:

språk og kultur

nærvær og inkludering

inkluderande spesialpedagogikk

Arbeidsoppgåver

bidra til å skape eit trygt, inkluderande og inspirerande leike- og læringsmiljø

planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogisk arbeid i tråd med rammeplan og lovverk

væra ein aktiv pådrivar for fagleg utvikling på avdelinga

byggje gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer

samarbeide tett med leiargruppa og resten av personalet

medverke til eit godt arbeidsmiljø prega av trivsel, engasjement og utvikling

Kven ser vi etter?

Vi ønskjer oss ein barnehagelærar som ser moglegheiter, byggjer gode relasjonar og som likar å arbeide saman med andre for å skape gode dagar for barna.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

godkjent barnehagelærarutdanning

gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Det er ein fordel om du har:

erfaring med pedagogisk leiing

erfaring frå prosjekt- eller utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi ser etter deg som:

er trygg, tydeleg og varm i møte med barn og vaksne

er raus, inkluderande og relasjonsorientert

er nysgjerrig og utviklingsorientert

samarbeider godt og deler kunnskap med andre

er fleksibel og løysingsorientert

bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer

høve til fagleg utvikling og kompetanseheving

spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver

gode pensjons- og forsikringsordningar

ein arbeidsplass der natur, leik og fellesskap står sterkt

Anna:

Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing Kontaktinformasjon

Katja Morvik, konstituert styrar

E-post: katja.morvik@oygarden.kommune.no

Mobil: 90560466

Velkomen som søkjar!

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Øygarden kommune Liljevatnet barnehage.

Arbeidssted

Straume, Øygarden

Publisert 15. november

Lignende jobber

Øygarden kommune Terna avlastning · RongTerna avlastningBarnepass · 25 % · HelgFrist 6. desember