deltidsjobb.no

Miljøterapeut

Helse80 %Fleksibel

Om stillingen

Vi søker etter ein miljøterapeut som del av miljøteamet på Herøy ungdomsskule. Saman med ungdomsLOS og ungdomscoach jobbar miljøterapeut tett på ungdom som står i fare for å falle ut, eller har falle heilt eller delvis ut av grunnskulen. Stillinga er eit vikariat som er ledig frå snarast fram til 30. juni 2027, men med moglegheit for fast tilsetting. Stillinga følgjer skuleruta med komprimert arbeidsår.

Arbeidsoppgåver

motarbeide utanforskap

kartlegging og støttesamtalar med ungdommar i og utanfor skulen

kartlegging og støttesamtalar med føresette til ungdommar som står i utfordringar

foreldrerettleiing

ta del i tverrfaglege møte og samarbeid ut frå elevane sitt behov

samarbeide med foreldre og vere ei bru inn til skulen der eleven har vanskar med å møte

Kvalifikasjonar

minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, som til dømes sosialfagleg utdanning, barnevernspedagog/pedagog eller sosionom

anna relevant utdanning og eller erfaring kan verte vudert

relevant erfaring frå arbeid med barn, ungdom og deira familie

førarkort klasse B og eigen bil Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Personlege eigenskapar

positiv og fleksibel

god relasjonskompetanse

god på å motivere og skape engasjement

evne til å arbeide sjølvstendig

evne til å arbeide strukturert og målretta

god kjennskap til skuleverket, ulike kommunale tenester og anna hjelpeapparat

god skriftleg og munleg framstillingsevne Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar

Vi tilbyr

ei variert og utviklande stilling, med stor breidde i arbeidsoppgåver internt og eksternt

eit støttande kollegium med høve til læring og utvikling

IA-bedrift og ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel

gode pensjons- og forsikringsordningar Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule, +47 97542422

Arbeidsstad

Lisjebøvegen 14

6091 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5197254626

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Startdato: 16.11.2026

Sluttdato: 30.06.2027

Søknadsfrist: 12.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Herøy kommune, Kultur og oppvekst.

Arbeidssted

Fosnavåg, Herøy (møre og Romsdal)

Publisert 23. oktober

Lignende jobber

Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Klinikk for medisin og rehabilitering, Sykehuset Levanger · LevangerKlinisk ernæringsfysiologHelse · 50 % · FleksibelFrist 8. november