Tilkallingsvikar miljøarbeid
Om stillingen
Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette.
Vi treng å ha nokon vi kan ringe til ved sjukdom og behov for ekstraarbeid. Du må vere fleksibel nok til å kunne jobbe både dag, kveld og helg.
Søknadsfrist er snarast, vi kontaktar aktuelle vikarar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
•oppfølging av flyktningar, hovudsakleg ungdom
•besøk
•aktivitetar
•tilsyn
Kvalifikasjonar
•gjerne student innan sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning.
•interesse for, og gjerne erfaring frå å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn
Personlege eigenskapar
•verdisyn, interesse og engasjement for å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn
•ønskje om å inspirere og motivere menneske i utfordrande livssituasjonar
•fleksibel og motivert for varierte arbeidsoppgåver, har god formidlingsevne og tydeleg kommunikasjon
•god på samarbeid i team og tverrfagleg samhandling
•evne og vilje til målretta og sjølvstendig arbeid
Vi tilbyr
•eit aktivt, mangfaldig og sosialt arbeidsmiljø
•fagleg utvikling, deling og læring i eit kompetanserikt fellesskap
•heilskapleg tenkjing med undervisning, karriere, arbeidsliv og livsmeistring
•personleg rettleiing og samhandling
•god pensjonsordning og fritidsforsikring gjennom KLP
•IA-bedrift
Kontaktinformasjon
Camilla Storøy, Avdelingsleiar kvalifiseringssenteret, +47 41424728
Arbeidsstad
Lisjebøvegen 23
6091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5199696721
Stillingsprosent: 0%
Vikar
«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Herøy kommune, Kvalifiseringssenter.
Arbeidssted
Fosnavåg, Herøy (møre og Romsdal)

