deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Trening › Kvam › Pedagog i visuelle kunstfag
KulturskuleNorheimsund

Pedagog i visuelle kunstfag

Trening30 %Fleksibel

Om stillingen

Me søkjer etter deg som viser kjærleik til kunsten og faget, og vil utforska i lag med elevane våre!

Kvam kulturskule har om lag 400 elevar og 20 lærarar og underviser i alle skulekrinsane i heradet.

Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer.

Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.

Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert i å driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre. Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/

Arbeidsoppgåver

Undervisa i visuelle kunstfag, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen.

Arbeid med elevgrupper

Kvalifikasjonar

Kunstfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan skapande kunstfag.

Søkjarar som ikkje tilfredstiller desse krava, kan tilsetjast dersom tilsvarande realkompetanse eller relevant utdanning kan dokumenterast.

Erfaring frå undervisning / pedagogisk arbeid

Gode utøvande ferdigheiter innan visuelle kunstfag

Grunnleggjande IT-kunnskapar, og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap innan ny teknologi

Førarkort og tilgang til bil

Personlege eigenskapar

Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet

Du er serviceinnstilt og engasjert, fleksibel, raus og inkluderande

Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre

Du er samarbeidsvillig og bidreg positivt inn i kollegiet

Vi tilbyr

Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver

Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem

Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Anne Cathrine Eiken, Kulturskulerektor, +47 975 16 771

Arbeidsstad

Grovagjelet

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5204385432

Stillingsprosent: 30%

Vikar

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.12.2027

Søknadsfrist: 17.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Kulturskule.

Arbeidssted

Norheimsund, Kvam

Publisert 3. november

Lignende jobber