deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Sveio › Pedagogisk leiar/barnehagelærar

Pedagogisk leiar/barnehagelærar

BarnepassFleksibel

Om stillingen

Om stillinga

Sveio barnehage har ledig ei 100 % fast stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar frå 04.01.2027.

Barnehagen er kommunal og ligg sentralt til, med kort veg til skog, hei, vatn, bibliotek, skule, symjehall, idrettsanlegg, kjøpesenter og Salamanderparken. Vi har tre avdelingar med om lag 49 barn i alderen 1–6 år.

Visjonen vår er: «Robuste barn meistrar livet.»

Vi legg vekt på natur, berekraft og kosthald. Personalet er aktivt og engasjert, og har høg kompetanse og lang erfaring. Vi samarbeider med Høgskulen på Vestlandet, vidaregåande skule og ungdomsskulen, og tek jamleg imot studentar og elevar.

Språk er eit av satsingsområda våre, og vi arbeider målretta og systematisk med språkstimulering i kvardagen.

Arbeidsoppgåver

setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn

planlegge, gjennomføre og dokumentere aktivitetar

vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa

planlegge pedagogiske aktiviteter som fremjer barnas læring og utvikling

sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet

utvikle og implementere det som kommunen og barnehagen til ei kvar tid har som tema og satsingsområde i samarbeid med styrar/einingsleiar

rettleie personalet for å få ei pedagogisk heilhetlig forståing i personalgruppa

godt foreldresamarbeid

tverrfagleg samarbeid, prosjektarbeid og utviklingsarbeid

du får det pedagogiske ansvaret på avdelingen eller i barnehagen

Kvalifikasjonar

godkjend treårig barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning som kvalifiserer til arbeid som pedagog i barnehage

norsk er arbeidsspråket i barnehagen, og du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

det er krav om tilfredsstillande politiattest, jf. barnehagelova § 30

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på. Korleis du er som person er det viktigaste for oss. Du skal inn i ei personalgruppe som vil kvarandre vel og som samarbeider på tvers av avdelingane til det beste for barna. Barna kjem alltid først.

er ein varm, tydeleg og trygg vaksen for barna

er motivert, kreativ og har godt humør, med evne til å undre seg saman med barna

har god relasjonskompetanse og omsorgsevne, og skaper gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer

har gode leiar- og samarbeidsevner, og er fagleg trygg

ønskjer å bidra til vidareutvikling av barnehagen og delta aktivt i endringsprosessar

arbeider sjølvstendig, er løysingsorientert og viser fleksibilitet i kvardagen

har god forståing for planleggings- og evalueringsarbeid

trivst med friluftsliv og med å vere ute i all slags vêr

er ein tydeleg og god rollemodell for både barn og vaksne

Vi tilbyr

variert arbeid i eit positivt og utviklande miljø saman med i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap

arbeid saman med engasjerte kollegaer som framsnakkar kvarandre og som ønskjer at du skal trivast og lukkast

ein meiningsfull jobb og utfordringar som vil gi deg meistring og motivasjon

faglege utfordringar der du er i utvikling som fagperson og som du får vere med å påverke og utvikle

god opplæring saman med dyktige kollegaer og samarbeid med andre

det er venta at vi i august 2028 skal vi inn i nybygg

gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

eit fagmiljø i stadig utvikling

løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Sveio kommune.

Arbeidssted

Sveio

Publisert 25. september

Lignende jobber

Sveio kommune · SveioStøttekontaktBarnepass · Deltid · KveldPublisert 18. juni