deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Sveio › Støttekontakt

Støttekontakt

BarnepassKveld

Om stillingen

Om stillinga

Sveio kommune har behov for støttekontakt til personar med psykisk utviklingshemming i ulik aldersgruppe. Me søkjer nå særskilt etter deg som har lyst å være støttekontakt for barn, ungdom og vaksne. Me oppfordrar spesielt menn til å søkje på stillinga som støttekontakt. Søknad kan leggjast inn kontinuerleg.

Støttekontaktar hjelper personer som har behov for sosial støtte i og utanfor heimen. Normalt er eit oppdrag på 12-16 timar pr. månad, fortrinnsvis utført på ettermiddag. Oppdragsavtalen vert fornya årleg.

Arbeidsoppgåver

Å vere støttekontakt innebærer at du besøker brukar heime, eller drar ut på aktivitater som er tilpasse brukars funksjonsnivå. Dette kan vere kino, kafébesøk, bading i symjehall, gå ein tur, handarbeid, samtalar eller andre aktivitetar.

Støttekontaktar hjelper personer som treng å bli tryggare på seg sjølv og som treng hjelp til å takle ulike livssituasjonar. Ein støttekontakt kan også bidra til at ein person kan klare å omgås andre mennesker i større grad.

Du bør ha fylt 18 år. Det vil være ein fordel om du kan disponere bil for å kunne dra ut på aktivitetar.

Brukar dekker eventuelle kostnadar til aktivitetar.

Kvalifikasjonar

Du treng ingen særskilte formelle kvaifikasjonar for å vera støttekontakt.

Personlege eigenskapar

du må vere ein trygg og god omsorgsperson

du må vere glad i å vere saman med andre mennesker

du må kunne setje grenser

du må tilpasse deg ulike situasjoner og personer

du må ha god norsk munnleg framstillingsevne Det er krav om politiattest i henhald til lovverk

Vi tilbyr

kjøregodtgjerelse etter statlege sats

godgjering og utgiftsdekning etter kommunal sats

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Sveio kommune.

Arbeidssted

Sveio

Publisert 18. juni

Lignende jobber