deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Ålesund › Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar

Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar

Helse20 %Helg og fleksibel

Om jobben

Lyst å bli en del av team på helg? Vi har no ledig fast 20% stilling frå snarast!

DPS Vegsund er ein psykiatrisk institusjon med 17 døgnplassar. Vi har innlagde pasientar med ulike psykiske lidingar, og ønskjer no å tilsetje en kollega som kan arbeide saman med oss i helgane. Stillinga er p.t på helg med seinvakt fredag, mellomvakt laurdag og søndag, med arbeid kvar 3. helg.

Hos oss får du ein triveleg og spennande arbeidsplass, der vi har fokus på å gi god behandling og omsorg til pasientane våre. Du vil bli ein del av eit team som jobbar tett saman i helgane, med vekt på miljøterapeutiske aktivitetar og godt samarbeid. Om du kan tenkje deg å bli ein del av vårt engasjerte team, oppmodar vi deg til å søkje på stilling hos oss. Det kan også vere moglegheit for å ta ekstravakter ved seksjonen.

Arbeidsoppgåver

Medikamenthåndtering

Pasient oppfølging/samtalar

Henting av mat på sjukehuset

Reinhald i avdelinga

Sosiale aktivitetar samen med pasientane

Matservering

Kvalifikasjonar

Vi søker offentlig godkjent sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar

Erfaring med psykiatri er ønskeleg

Førarkort for bil

Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar

Personlege eigenskapar

Du er fleksibel og løysnings orientert

Du har gode samarbeidsevner

Du har god arbeidskapasitet, godt humør og bidreg til positivt arbeidsmiljø

Du er Initiativrik, kreativ og positiv Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Vegsundvegen 68

6020 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5207791276

Stillingsprosent: 20%

Fast

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 08.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF.

Arbeidssted

Ålesund

Publisert 23. november

Lignende jobber

Kirurgisk sengepost A, Helse Møre og Romsdal HF · ÅlesundSjukepleiarHelse · 80 % · FleksibelFrist 1. desember
J&w servering as · ÅlesundJulehjelp ønskesKafé · Deltid · Dag, kveld, helg og fleksibelFrist 30. november
Klinikk for kirurgi, nevrologi og rehabilitering, Plastikk- og håndkirurgisk, Helse Stavanger HF · StavangerSykepleierHelse · 50 % · FleksibelFrist 8. desember