deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Hotell › Øygarden › Resepsjonist (80% vikariat)

Resepsjonist (80% vikariat)

Hotell80 %Fleksibel

Om jobben

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får møte menneske og bidra til viktige samfunnsoppgåver?

Øygarden kyrkjelege fellesråd har ledig eit 80 % vikariat i resepsjonen ved kyrkjekontoret på Straume. Vikariatet er i første omgang på kort sikt, med moglegheit for forlenging. Det kan også vere aktuelt med vidare arbeid som tilkallingsvikar.

Stillinga er ein del av administrasjonen ved kyrkjekontoret og inneber varierte administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige.

Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske». Vi er eit stort fellesråd, med fem sokn og om lag 40 800 innbyggarar der 70,3% er medlemer i Den norske kyrkja. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn, men inngår i kyrkjemusikkseksjonen i fellesrådet.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Om stillinga

Stillinga er hovudsakleg kontorbasert og omfattar administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige.

Du vil ha jamleg kontakt med publikum, pårørande, gravferdsbyrå og andre samarbeidspartnarar. Arbeidskvardagen kan vere variert og til tider hektisk, med mange førespurnader, hyppige avbrot og behov for å prioritere og omstille seg undervegs.

Arbeidsoppgåver

Svare på telefonar, e-postar og førespurnader frå publikum og samarbeidspartnarar

Ta imot og vidareformidle post og andre førespurnader

Motta og registrere gravferdsmeldingar

Koordinering av gravferder og oppdatering av kalendrar

Registrering og oppfølging i gravregistersystemet

Administrasjon av graver, mellom anna tildeling, sletting og endring av festeansvar

Fakturering av avgifter og tenester

Administrasjon av utleige, nøklar og tilgangar

Registrering og kontroll av fakturaer og kreditnotaer

Vedlikehald av register og arkiv

Andre førefallande administrative oppgåver

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning innan kontor, administrasjon eller service er ønskjeleg

Relevant erfaring frå resepsjon, kundeservice eller administrativt arbeid er ein fordel

Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye datasystem

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Erfaring med kundebehandling og publikumskontakt er ønskjeleg

Kjennskap til offentleg forvaltning eller gravplassadministrasjon er ein fordel Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein medarbeidar som:

Er serviceinnstilt og møter menneske med respekt og omsorg

Arbeider strukturert og nøyaktig, også i ein travel arbeidskvardag

Er sjølvstendig, fleksibel og tek initiativ

Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Er trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar

Evnar å handtere fleire oppgåver samstundes og prioritere ved behov

Er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

Eit variert og meiningsfullt arbeid med viktige samfunnsoppgåver

Ein arbeidskvardag med både administrative oppgåver og publikumskontakt

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Moglegheit for forlenging av vikariatet og vidare arbeid som tilkallingsvikar

Lønns- og arbeidsvilkår etter tariffavtale gjennom KA – Kyrkja sin arbeidsgivarorganisasjon

Offentleg tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Bedriftshelseteneste

Kontaktinformasjon

Annlaug Børve, Kyrkjeverje, 47304530

Kari Sandøy Rong, kontroleiar, 93629159

Arbeidssted

Tytebærbrekko 2

5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5211759011

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Søknadsfrist: 06.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Øygarden kyrkjelege fellesråd.

Arbeidssted

Straume, Øygarden

Publisert 17. november

Lignende jobber

Øygarden kommune Liljevatnet barnehage · StraumeLiljevatnet barnehageBarnepass · 70 % · FleksibelFrist 30. november