deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Ringevikarar ved Kviteseid skule

Ringevikarar ved Kviteseid skule

BarnepassFleksibel

Om stillingen

Lærarar og fagarbeidarar assistentar

Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre?

Kviteseid skule søkjer engasjerte og pålitelege ringevikarar som kan arbeide ved fråvær og andre kortvarige behov. Vi treng både lærarar og fagarbeidarar/assistentar. Arbeidet kan vere på 1.–10. trinn og på SFO.

Som ringevikar kan du bli kontakta på kort varsel. Omfanget av arbeidet vil variere etter skulen sitt behov, og stillinga har ingen fast stillingsprosent eller garanti for eit bestemt tal arbeidstimar. Det kan òg bli aktuelt med kortare vikariat over fleire dagar eller veker.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver for lærarvikarar

Gjennomføre undervisning etter planane til læraren

Skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø

Følgje opp elevar fagleg og sosialt

Tilpasse undervisninga til elevar med ulike behov

Samarbeide med kollegaer og andre tilsette ved skulen

Arbeidsoppgåver for fagarbeidarar og assistentar

Følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i undervisninga

Vere ei støttande og hjelpande hand i klasserommet

Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø

Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen

Samarbeide med lærarar og andre tilsette

Arbeid på SFO kan vere aktuelt

Kvalifikasjonar

For lærarvikarar er det ønskjeleg med relevant lærarutdanning. Studentar under lærarutdanning kan òg søkje.

For fagarbeidarar er det ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant fagbrev.

For assistentar er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Erfaring frå skule eller SFO er ein fordel.

Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Du må kunne bruke digitale verktøy i arbeidet.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

er ein varm, trygg og tydeleg vaksenperson

er glad i barn og ungdom og ønskjer at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel

byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer

møter elevar med ulike behov med tolmod, omsorg og respekt

er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert

kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen

er påliteleg og kan møte på kort varsel

bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

meiningsfulle og varierte arbeidsdagar

eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø

dyktige og engasjerte kollegaer

moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag

lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk

gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Gjermund Sivertsen, Rektor Kviteseid Skule, +47 40248174

Arbeidsstad

Skulevegen 9

3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5189609637

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 31.12.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Kviteseid skule, Kviteseid kommune.

Arbeidssted

Kviteseid

Publisert 4. oktober

Lignende jobber