deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Molde › Sjukepleiar

Sjukepleiar

Helse80 %Helg

Om stillingen

Vil du vere med på laget vårt?

Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig 80% stilling som sjukepleiar, med arbeid kvar 3.helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.

Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi arbeidar for fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktiviteter.

I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig.

Arbeidsoppgåver

Ulike faglege prosedyrar

Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar

Arbeide etter behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa

Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar

Dokumentasjon i Helseplattformen

Praktiske oppgåver i seksjonen

Bruke "Kompetanseportalen" aktivt for å vedlikehalde kompetanse

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg

Må ha gode datakunnskapar

Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Du er sjølvstendig, men også god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre

Du er ein god bidragsytar arbeidsmiljø

Du kommuniserar godt både internt og eksternt

Du taklar raske omstillingar

Du evnar å sette deg inn i nye, digitale løysingar

Du har god arbeidshelse og trivast med å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Eline Gammelsæter, Seksjonsleiar, Eline.Gammelseter@helse-mr.no

Arbeidsstad

Nøisomhedvegen 12

6416 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5194669845

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 18.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF.

Arbeidssted

Molde

Publisert 21. oktober

Lignende jobber

Sengepost nevrologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF · HjelsetSjukepleiarHelse · 50 % · FleksibelFrist 25. november