Sjukepleiar
Om jobben
Voss legekontor søkjar sjukepleiar i 80 % vikariat frå 11.01.2027 tom 31.10.2027. Ynskjer du høgare stilling vil du få moglegheit til å arbeida ved ein av våre flotte institusjonar
Om arbeidsstaden:
Voss legekontor er det kommunale legekontoret i Voss herad. Me held til ved Knutepunktet vis a vis helsestasjonen i 3. etg.
Pr i dag har me 7 legeheimlar, ein Lis1 lege samt 5 sjukepleiarar, 1 medisinsk sekretær og ein merkantil sekretær.
Arbeidsoppgåver for sjukepleiar:
•Kundebehandling i ekspedisjon
•Triagering av legetimar etter legevaktsindeks
•Blodprøvetaking
•Injeksjonar og infusjonar
•Sår skift
•EKG, spiro- og audiometri
•Andre prosedyrar og arbeidsoppgåver etter behov
Me søkjar etter
•Deg som har norsk autorisasjon som sjukepleiar
•Det er ynskjeleg med erfaring frå legekontor og erfaring med journalsystemet Webmed
Personlege eigenskapar
•Imøtekommande og serviceinnstilt
•Gode samarbeidsevner
•Ansvarsbevisst
•Like å arbeide i team
•Fagleg dyktigheit
•Evne til å koordinera og planleggja
Me tilbyr
•Gode vilkår for fagleg utvikling
•Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
•Gode forsikrings- og pensjonsordningar
•Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Godkjent politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Voss herad Voss legekontor.
Arbeidssted
Voss
