deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Voss › Vil du ha ein jobb som betyr noko? Bli med på laget vårt på Vossestrand

Vil du ha ein jobb som betyr noko? Bli med på laget vårt på Vossestrand

HelseKveld, helg og fleksibel

Om jobben

Vil du ha ein meiningsfull jobb der ingen dagar er heilt like?

Tilsetjing vil vera fortløpande i perioden

Vossestrand Omsorgstun treng fleire på laget! Me ser etter engasjerte vikarar som ønskjer å jobba kveldar og helgar, og som vil bidra til å skapa gode dagar for dei som bur hos oss. Enten du er student, elev, helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar eller berre nysgjerrig på arbeid innan helse og omsorg, vil me gjerne høyra frå deg. Hos oss får du:

Verdifull erfaring og ny kunnskap

Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø

Dyktige kollegaer som støttar og lærer bort

Moglegheit til å utvikla deg innan helsefag Me er stolte av verdiane våre og ser etter deg som er profesjonell, påliteleg og skapande. Du treng ikkje kunna alt frå før, men du må vera positiv, lærevillig og ha lyst til å jobba med menneske.

Om arbeidsplassen

Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, om lag 20 minutt frå Voss sentrum. Her møter du eit inkluderande arbeidsmiljø, fagleg engasjerte kollegaer og bebuarar som fortener den beste omsorga.

Omsorgstunet har:

16 langtidsplassar i institusjon

9 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning Arbeidsoppgåver

Heilskapleg pleie og omsorg for bebuarane våre

Bidra til tryggleik, aktivitet og livskvalitet i kvardagen

Samarbeid med kollegaer og pårørande

Turnusarbeid med kveld- og helgevakter Klar for ein jobb som betyr noko? Søk då vel! Me gler oss til å bli kjent med deg. Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Voss herad Område nord.

Arbeidssted

Vossestrand, Voss

Publisert 19. november

Lignende jobber

Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga · VossNattevakt 50%Helse · 50 % · Kveld, helg og fleksibelFrist 4. desember