deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Skole › Sunnfjord › Sunde skule har ledig stilling for

Sunde skule har ledig stilling for

SkoleFleksibel

Om jobben

Sunde skule er ein barneskule i Sunnfjord kommune med om lag 150 elevar. Vi arbeider for å skape eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø der alle elevar opplever meistring, utvikling og tilhøyrsle.

Tilsette ved skulen samarbeider tett for å gi elevane ein trygg, god og meiningsfull skulekvardag.

Vi har ledig:

100 % vikariat for fagarbeidar eller assistent frå 01.01.2027 - 31.07.2027 Stillinga følger skuleåret. Lønsprosenten vert 89 %.

Om stillinga:

Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til arbeid i skule og SFO. Stillinga inneber tett oppfølging av elevar med særskilde behov, mellom anna elevar med autismespekterforstyrring (ASF).

Arbeidsoppgåvene omfattar:

dagleg oppfølging og støtte til elevar i undervisning og friminutt

bidra til tryggleik, meistring og sosial utvikling

støtte elevane i kommunikasjon og samhandling med andre

samarbeid med lærarar, føresette og andre fagpersonar

deltaking i SFO-tilbodet

Vi ser etter deg som trivst med å arbeide tett på enkeltelevar og bidra til tryggleik, kommunikasjon, meistring og utvikling i skule og SFO.

Kvalifikasjonar:

barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar og andre med interesse for faget

god munnleg og skriftleg framstillingevne på norsk

godkjent politiattest av ny dato må leggjast fram før tiltreding

har god fysisk form som gjer deg i stand til å følgje opp elevane gjennom ein aktiv skulekvardag

Det er ein fordel om du har:

erfaring frå arbeid med elvar med autismespekterforstyrring (ASF)

erfaring med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

erfaring frå arbeid i skule, SFO eller liknande verksemd

Vi søker deg som:

har interesse for og motivasjon til å arbeide med elevar med særskilde behov

møter utfordrande situasjonar på ein roleg, trygg og profesjonell måte

har gode samarbeidsevner og samtidig arbeider sjølvstendig og strukturert

er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik

bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø

meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan gjere ein forskjell for elevane

samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer

løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Sunnfjord kommune Sunde skule.

Arbeidssted

Førde, Sunnfjord

Publisert 12. november

Lignende jobber