deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Barnepass › Haram › Tilkallingsvikar

Tilkallingsvikar

BarnepassFleksibel

Om jobben

Vil du jobbe hos oss? Vi har behov for tilkallingsvikarer ved Haramsøy Barnehage

Haramsøy Barnehage er ein barnehage med ei avdeling med 17 barn som er delt i to grupper 1-2 år og 3-5 år. Vi har eit stort leikeområde ute og har kort veg til både skog, fjell og fjøre som blir

nytta heile året. Vi har eit godt og stabilt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement.

I barnehagen vår søkjer vi deg som er aktiv, leiken, og ein trygg

vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du oppteken av at barn skal få ein

god oppvekst? Da ynskjer vi akkurat deg som vår nye kollega.

Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande

kvardagar for barn.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester og der vi alle arbeider etter visjonen "Framover i lag kvar dag" . Vi har fokus på å

spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv

Arbeidsoppgåver

Bidra til at kvart enkelt barn får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe

Gi omsorg, støtte og lytte

Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa

Følgje opp rettleiinga ein får

Gjennomføre observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar

Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt

Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar

Melde avvik og komme med forslag til forbetring i Compilo

Kvalifikasjonar

Godkjent politiattest av nyare dato.

Jobbe i tråd med barnehagelova.

Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle

språkkrav jamfør Barnehagelova §27

Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som har evne til å:

Jobbe sjølvstendig

Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass

Relektere over eige arbeid og søkje rettleiing ved behov

Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus

Samarbeide med andre tilsette Personlege eigenskaper og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader

Løn etter gjeldande tariff

God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Kari Rogne Kolseth, Styrar, 99371693, kari.rogne.kolseth@haram.kommune.no

Arbeidssted

Barnehagevegen 66

6290 Haramsøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram kommune

Referansenr.: 5206539705

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Startdato: 23.11.2026

Sluttdato: 31.07.2027

Søknadsfrist: 31.01.2027

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Haramsøy barnehage, Haram kommune.

Arbeidssted

Haramsøy, Haram

Publisert 15. november

Lignende jobber

Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune · VatneTilkallingsvikararBarnepass · Deltid · FleksibelFrist 14. mars
Eidet skule, Haram kommune · VatneMiljøterapeutHelse · 80 % · FleksibelFrist 29. november