deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Bergen › Tilkallingsvikarar - reinhald

Tilkallingsvikarar - reinhald

HelseDag, kveld, helg og fleksibel

Om jobben

Bemanningssenteret søker tilkallingsvikarar til oppdrag i Hospitaldrift Reinhald. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Hospitaldrift Reinhald.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i sju seksjonar og har ca. 350 tilsette. Hovudoppgåvene er regelmessig reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger. I reinhaldsseksjonane våre vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Tilkallingsvikarane våre vil kunne få opplæring i fleire einingar og vere ein viktig ressurs i sjukehuset si daglege drift. Vi søker deg som likar variasjon i oppgåvene, og samtidig er god til å følge gjeldande rutinar for god kvalitet i arbeidet.

Hovudarbeidstida er 07-15, men vi har også mange vakter på ettermiddag/kveld med variabel start- og slutt tid.

Arbeidsoppgåver

Arbeidoppgåver vil hovudsakleg vere utføring av regelmessig reinhald, smittevask samt andre reinhaldsoppgåver

Vi treng vikarar både til dagvakter og seinvakter, kvardagar og helg

Kvalifikasjonar

Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget, til dømes gjennom arbeid ved helseinstitusjon, i hotell- og sørvisnæringa eller frå kurs- og konferansedrift

Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar

Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er også av interesse

Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene

Personlege eigenskapar

Sørvisinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst

Gode samarbeidsevner

Kunne jobbe både i team og sjølvstendig

Ansvarsbevisst, strukturert og punktleg

Kunne utføre og trivast med eit arbeid som til tider kan vere fysisk krevande

Vi tilbyr

Løn i samsvar med gjeldande overreinskomst

Kurs- og utviklingsmoglegheiter

Bedriftsidrettslag

Ein veldriven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske-Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5213321462

Stillingsprosent: 0%

Anna

Søknadsfrist: 07.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Helse Bergen HF.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 19. november

Lignende jobber

Meldal Helsetun, Orkland kommune · MeldalHelsefagarbeiderHelse · 80 % · FleksibelFrist 6. desember