deltidsjobb.no

Udlabu

HelseKveld, helg og fleksibel

Om stillingen

Vil du bidra til meistring, ein god heim og ekte arbeidsglede saman med kjekke kollegaer? Då kan dette vera stillinga for deg!

Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk.

Hjå oss får du vera med å forma kvardagen til menneske som treng det, i ein god heim, fellesskap og gode opplevingar.

Me søkjer etter:

3 faste helgestillingar frå 04.01.2027. Tiltreding tidlegare kan vere mogleg etter avtale.

årsturnus med dag- og ettermiddagsvakter, moglegheit for langvakter etter ynskje. Arbeid kvar 3. eller 4.helg. Arbeidsoppgåver:

bistå tenestemottakar i dagliglivets og gjeremål

målretta miljøarbeid

team-arbeid og oppfylging av tiltaksplanar

medikamenthandtering

skapa tryggleik og struktur

delta saman med tenestemottakar i dagleglivets oppgåver, fritidsaktiviteter og trening

praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar Kvalifikasjonar:

vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning (Bachelor i helse/sosial, pedagogikk, idrett/fysisk aktivitet m.m). Relevant fagutdanning eller assistent med relevant erfarning kan verta vurdert Personlege eigenskapar som vert vektlagt:

er kreativ og likar å tenkje nytt

har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad

arbeider sjøvstendig og tek ansvar

er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

er trygg, strukturert og målretta

har vilje til fagleg utvikling og lære nye metodar

god norskspråkleg tale og ellers gode kommunikasjonsevner Me tilbyr:

gode vilkår for fagleg utvikling

eit godt tverrfagleg og godt arbeidsmiljø

Fadder-ordning i oppstartsfasen

yrkesskade- og gruppelivsforsikring

gode pensjonsordningar

løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Voss herad Udlabu.

Arbeidssted

Voss

Publisert 30. oktober

Lignende jobber

Voss herad Nyhagen · VossNye NyhagenHelse · 80 % · Dag og fleksibelFrist 11. november