deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Skole › Bergen › Universitetslektor innen kiropraktikk (20% ekstraerverv)

Universitetslektor innen kiropraktikk (20% ekstraerverv)

Skole

Om jobben

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Universitetslektor

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin , er det ledig åremålsstilling som universitetslektor (20 % ekstraerverv) for ein periode på 4 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fagområde for helsevitenskap (HELSEVIT).

Vi ser etter motiverte fagfolk som ynskjer å ta del i utdanninga av gode, framtidige kiropraktorer og manuellterapeuter. Undervisinga er først og fremst knytt til kvalifiseringsprogrammet for kiropraktorer og manuellterapistudenter med utdanning frå utlandet. Det kan óg verte aktuelt at den som vert tilsett går inn i undervisninga innafor andre studieprogram som høyrer til under fakultetet, etter instituttet/fakultetet sine behov. Det vert forventa høg kvalitet i undervisningsarbeidet.

Arbeidsoppgåver:

Undervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til undervisning i KIROTRYGD600 og MANTPRIM 600

Emneansvarlig for KIROTRYGD

Oppfølging av studentar, planlegge og gjennomføre eksamen

Ta del i utvikling av studiekvalitet, til dømes implementering av nye læringsformer

Administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer

Deltaking i instituttet og fakultetet sine faglege aktivitetar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må

vere autorisert kiropraktor

ha engasjement og interesse for undervisning

ha gode kommunikasjonsevner

gode samarbeidsevner

fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan to år frå tilsetjing

Det er i tillegg ønskeleg at søkjar

har undervisnings- og administrativ erfaring

har brei og relevant klinisk erfaring innan primærkontakrollen Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Det er krav om utdanningsfagleg kompetanse tilsvarande 39 timar. Dersom ein ikkje har utdanningsfagleg kompetanse, må dette skaffast innan 2 år frå tilsetjing. Sjå meir på Enhet for læring .

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Vi tilbyr:

Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø

Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling

Løn er for tida kr 655 000 – 705 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn

Medlemsskap i Statens pensjonskasse

Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Ei kort utgreiing om motivasjonen din for å søkje stillinga

CV

Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar

Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse

To referansar (namn og kontaktinformasjon) Dersom du driv forsking legg du og ved:

● Fullstendig publikasjonsliste

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Silje Mæland, e-post: silje.maeland@uib.no . For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thomas McGonagle Bentsen, e-post: thomas.bentsen@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Universitetet i Bergen.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 18. november

Lignende jobber

Vestnes kommune Tomrefjord skule · TomrefjordTilkallingsvikarSkole · Deltid · FleksibelFrist 18. juni