deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Sunnfjord › Vikariat kreftsjukepleiar

Vikariat kreftsjukepleiar

Helse90 %Fleksibel

Om jobben

Kreftsjukepleiar – 90 % vikariat ved Kreftpoliklinikken

Kreftpoliklinikken ved Førde sentralsjukehus har ledig eit 90 % vikariat for kreftsjukepleiar frå medio februar 2027 til februar 2028, med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer ein kreftsjukepleiar med erfaring innan medikamentell kreftbehandling i samband med at ein av våre tilsette skal ut i svangerskapspermisjon.

Kreftavdelinga (Avdeling for kreft, blodsjukdomar og lindrande behandling) består av sengepost, poliklinikk og palliativt team.

Ved kreftpoliklinikken gir vi medikamentell kreftbehandling, som til dømes cellegift, immunterapi og ulike infusjonsbehandlingar.

Arbeidsoppgåver

Administrering og oppfølging av medikamentell kreftbehandling

Pleie og behandling til pasientar med kreft og blodsjukdomar og til pasientar som treng lindrande behandling

Tilbodet i avdelinga skal også inkludere nære pårørande/familie

Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med kommunehelsetenesta vert vektlagt

Kvalifikasjonar

Autoritasjon som sjukepleiar samt videreutdanning i kreftsjukepleie

Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi vil gjerne ha ein medarbeider som har høg arbeidskapasitet, er fleksibel og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon, men som også kan jobbe sjølvstendig

Interessert i fagleg utvikling og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet. Kompetanse, inkludert personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt

Vi tilbyr

Du vil møte ei fagleg utfordrande avdeling

Kreftavdelinga har mål om høg fagleg kvalitet, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Godt arbeidsmiljø og kjekke kollega

Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Monika Staberg Sunde, Seksjonsleiar, (+47) 959 49 287

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5216130015

Stillingsprosent: 90%

Vikariat

Startdato: 15.02.2027

Sluttdato: 27.02.2028

Søknadsfrist: 13.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Kreftpoliklinikken, Helse Førde.

Arbeidssted

Førde, Sunnfjord

Publisert 25. november

Lignende jobber

Nevrologi og revmatologi poliklinikk, Helse Førde · FørdeSjukepleiarHelse · 50 % · FleksibelFrist 20. desember