deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Sunnfjord › Sjukepleiar

Sjukepleiar

Helse50 %Fleksibel

Om jobben

Er du sjukepleiar og ønskjer ein spennande arbeidskvardag med faglege utfordringar og tett samarbeid på tvers av fagområde?

Då kan dette vere stillinga for deg.

Nevrologi og revmatologi poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig eit 50 % vikariat frå 15.02.2027 til 31.12.2027 ved felles infusjonspoliklinikk i Førde.

Ønskjer du større stilling, kan vikariatet kombinerast med arbeid ved til dømes Nevrologi- og rehabiliteringssengepost eller Medisinsk sengepost.

Ved infusjonspoliklinikken får pasientar innan mellom anna nevrologi, revmatologi, medisin og barn og unge behandling i moderne lokale.

Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med sjukepleiarar og helsesekretærar som samarbeider tett om pasientbehandlinga.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Arbeidsoppgåver

Sjukepleie til pasientar som får infusjonsbehandling

Klargjering, administrering og oppfølging av medikamentell behandling

Observasjon og oppfølging av pasientar under og etter behandling

Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis)

Rettleiing og informasjon til pasientar og pårørande, kollegaer og studentar

Samarbeid med legar og andre faggrupper

Bidra til kvalitets- og forbetringsarbeid i eininga

Kvalifikasjonar

For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon

Erfaring og/eller interesse for dei aktuelle fagområda

Personlege eigenskapar

Pasientorientert og ansvarsbevisst

Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner

Fleksibel og engasjert

Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Ei spennande stilling i ei nyoppretta og framtidsretta eining

Relevant opplæring ut ifrå arbeidsoppgåver

Faglege utfordringar og moglegheit for kompetanseutvikling

Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø

Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Rannveig Nes, Seksjonsleiar, (+47) 992 61 234

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5213369643

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 20.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Nevrologi og revmatologi poliklinikk, Helse Førde.

Arbeidssted

Førde, Sunnfjord

Publisert 23. november

Lignende jobber

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB), døgnenhet individuell, Sykehuset Innlandet HF · OttestadSykepleier/vernepleier 65,62% nattHelse · 62 % · Helg og fleksibelFrist 13. desember